Ulvhild Olavsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ulvhild Olavsdotter (fødd 1020 i Borg, død 24. mai 1071) var dotter av Olav den heilage og Astrid Olavsdotter og hertuginne av Sachsen. Ho reknast som stammor til fleire fyrsteslekter, og skal mellom anna ha vore mormors farfars farmors farmor til Eirik II Magnusson og Håkon V Magnusson. I tysktalande land er ho kjend som Wulfhild.

Ho vart fødd i Borg, i dag Sarpsborg, ein by faren hadde grunnlagt. Truleg var ho der i ein stor del av barndomen. I 1028 var ho med foreldre på ei reise på Vestlandet, og etter jul i 1029 var ho med på flukta gjennom Gudbrandsdalen til Sverige. Truleg var ho saman med mora hjå deira svenske slekt medan faren og halvbroren Magnus Olavsson drog til Russland. Snorre Sturlasson skriv at «Dronning Astrid og kongsdottera Ulvhild var att i Svitjod, men kongen hadde Magnus, son sin, med seg austover.»[1] Men det er òg ei kjelde som hevder at ho var med vidare austover.

Då Olav vende attende til Noreg i 1030 vart Ulvhild att hjå mora i Sverige. Olav fall i slaget på Stiklestad, og først etter at Magnus Olavsson vart hylla som konge i 1035 kunne Ulvhild og Astrid komme til Noreg. Som ektefødt dotter av helgenkongen fekk ho truleg ei særskild stilling. Dette var nok ein del av bakgrunnen for at ho i 1042 eller 1043 vart gift med hertuf Ordulf av Sachsen (omkr. 1020–1072). I sagalitteraturen er han nemnd som Otto eller Otta av Saksland.[2] Ekteskap i fyrsteslekter vart nytta for å knytte alliansar, og då hertugen gjekk inn i ein allianse med Magnus var det naturlig at systera til kongen vart gift med hertugen. Festinga mellom dei to vart forhandla fram i Slesvig. I bryllaupet var det erkebiskopen av Bremen og biskopane av Hildesheim og Slesvig som forretta, ifølgje Adam av Bremen.

Det kan også vere at Ordulf av Sachsen kjende til Ulvhild frå før. Han skal ha vore i Noreg for å beile til ho, ifølgje ein saganotis. Dette kan godt ha skjedd. Ulvhild skal ha vore særs vakker, så at han fekk eit godt auge til ho var kanskje ikkje berre ein del av maktspelet. Reisa til Noreg skal ha skaffa han problem. Han stilte seg på Magnus Olavsson sin side i ein konflikt, og lot Harald Torkildsson jarl drepe på veg heim frå pilegrimsferd. Dette førte til at han vart upopulær hjå kyrkja sine menn og i Danmark. Ifølgje Adam av Bremen var det òg andre krenkingar av kyrkja, og han vart bannlyst. For å kome seg ut av det uføret måtte han betale ei bot som var på heile femti gardar.

Vi veit ellers lite om Ulvhild sitt liv; som mange andre kvinner tidleg i historisk tid framstår ho i kjeldene mest som ei brikke i det politiske spelet.

Sonen Magnus vart hertug av Sachsen etter faren sin død. Ei av døtrene hans fekk namnet Wulfhild etter farmora, og vart gift med hertug Henrik den svarte av Sachsen som reknast som stamfar til Welferætta. Dei vart seinare mellom anna hertugar av Sachsen-Lüneburg, og herskarar i Storbritannia. Gjennom Wulfhild og Henrik den svarte vart Ulvhild Olavsdotter, om alt stemmer, stammor til ein stor del av fyrsteslektene i Europa, inkludert huset Oldenburg med alle danske og norske konger sidan Eirik II Magnusson og Håkon V Magnusson. Òg den britiske statsministeren under andre verdskrigen, Winston Churchill, var etterkommar etter Ulvhild – i 24. ledd. Det er sannsynleg at slektsrekka etter ho er korrekt så lenge ein er innafor fyrsteslektene, sidan desse vart godt dokumentert for å sikre tron- og eigedomskrav.

Referanser

  1. Snorri 1963: 221.
  2. Jf. Ágrip: 54/55; merk at «Gunnhildi» er feilskrift for «Ulvhildi», sjå side 121.

Litteratur og kjelder