Valle stavkyrkje
Valle stavkyrkje | |
---|---|
Kyrkja og prestegarden, tresnitt frå kring 1860. | |
Stad: | Valle |
Kyrkjesamfunn: | Til 1537: Den katolske kyrkja Frå 1537: Den norske kyrkja |
Prestegjeld: | Valle |
Teknikk: | Stavbygg/laft |
Materiale: | Tømmer |
Altartavle: | 1600-talet, nå på Norsk Folkemuseum. |
Valle stavkyrkje i Valle kommune i Setesdal sto der vi i dag finn Valle kyrkje. Den var hovudkyrkje for Valle prestegjeld, og er først nemnd i rekneskapsbøker frå 1327. Alt tyder på at det opphavleg var ei stavkyrkje.
I Kyrkjestolen, den lokale rekneskapsboka, vert det nemnd at kyrkja vart utvida i 1663, og då fekk nytt kor. Det ser ut til at den nye delen var lafta, og vi veit at det var Oluff Halstenson Korshus frå Stavanger som sto for jobben.
I 1843 vart stavkyrkja riven for å gje plass til den nye kyrkja. Ti år tidlegare hadde Simon Olaus Wolff teikna ho. Vi har ho òg på eit tresnitt frå kring 1860 samam med prestegarden som brann i 1862 – der må ho vere teikna frå minnet eller etter ei eldre teikning.
Det finst material frå ei eldre kyrkje på Rygnestadtunet, men det er usikkert om dette er frå denne kyrkja eller frå Nomeland kyrkje, som var anneks til Valle. Altartavla frå 1600-talet er utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
Litteratur
- Homme, Knut K. (red.): Kyrkja på Vaddarhaugen : Valle kyrkje i Setesdal 1844-1994 : jubileumsskrift. Utg. Valle sokneråd. [Valle]. 1994. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Nenseter, Bjarne Karsten: På kirkevandring i Aust-Agder : trekk fra kirkebygningenes historie. Utg. Kilden. [Arendal]. 1994. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Valle kirke (Aust-Agder) på Wikipedia på bokmål og riksmål.
[[Kategori: