Vier (Sandnes gnr. 98/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vier
Sted: Riska
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 98
Bnr: 3
Type: gardsbruk

Vier (gnr. 98, bnr. 3) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/3. Gammalt matrikkelnr. 14 og løpenr. 56c. Areal i 1886 i mark-øre 1-83.

Brukarar

83. Knud Knudsen,

f. 1835, d. 1925. Son til Knut Øyuvsen, husmann i Vier (nr 35).

Etter han gifta seg budde Knud på husmanns plassen til faren (nr 36). Han var gift med dotte ra på garden som plassen høyrde under, og i 1869 fekk han kjøpa stykket av svigerfaren. Sidan var han småbrukar i Vier til rundt århundreskiftet.

G.m. 1865 Ane Larsdtr., f. 1845, d. 1901, dotter til Lars Kristoffersen Eltarvåg (nr 13).

Barn:

  1. Kornelius, f. 1866, fekk skilt ut eit lite stykke av faren sitt småbruk, Rese (nr 88), g.m. Marta Olsdtr.
  2. Laurits, f. 1867, bonde på Eltarvåg (nr 71), g.m. 1890 enkja Martha Olina Larsdtr.
  3. Karl, f. 1869, reiste til Amerika, budde i Minneapolis
  4. Ingeborg, f. 1872, g.m. 1893 Severin Riska (Riska-79)
  5. Ane Kristine, f. 1874, g.m. 1908 Edvard Naustervig (nr 102)
  6. Knud, f. 1876, overtok småbruket (sjå nedanfor)
  7. Enok,f. 1879, d. 1879
  8. Enok, f. 1880, budde i Stavanger, ikkje gift
  9. Tea, f. 1883, d. 1885
  10. Thomas, f. 1885, budde i Minneapolis, USA
  11. Ivar Martin, f. 1889, død ung.

84. Knud K. Vier,

f. 1876, d. 1927[1]. Son til Knud Knudsen Vier (nr 83).

Han var småbrukar i Vier etter faren. Det var ved århundreskiftet han overtok stykket, men skjøte fekk han fyrst i 1917.

G.m. 1) 1900 Gina Hetland, f. 1876,d. 1920, dotter til Enok Andersen Hetland (Hetland-70).

2) ca 1923 Kristina Holland, f. 1895, dotter til Ola Endresen Holland (Lauvås-96). Ho blei sidan gift med Peder B. Pedersen, bonde på Nedre Tasta i Hetland.

Barn,

i fyrste ekteskap:

  1. Anna, f. 1901, d. 1915
  2. Knud, f. 1903, overtok halve småbruket då faren var død (nr 87), g.m. Selma Vassøy
  3. Jørgine, f. 1906, d. 1916
  4. Emma, f. 1907, d. 1917
  5. Konrad Emanuel, f. 1910, d. 1916
  6. Gunda, f. 1913, g.m. Ole Østensen, budde i Stavanger
  7. Konrad Andreas, f. 1916, sjømann, bur i Stavanger.

85. Ole Vier,

f. 1894. Son til Kornelius Vier på Rese (nr 88).

Ole kom heim frå Amerika og kjøpte halve små bruket i Vier etter at onkelen var død. Han eigde stykket bare frå 1928 til 1929, då selde han igjen og reiste tilbake til Amerika.

G.m. Pauline Usken, f. 1889, dotter til Ola Andreasen Usken, i Kastevigjå (Uskjo-97).

Barn:

  1. Marion
  2. Klara.

86. Osmund Sørtvedt

Han eigde dette stykket 1929-1930. Frå 1930 har Stavanger Kristelige Ungdoms forening, "Ynglingen", eigd dette stykket. Dei har nytta det til leirplass.

Litteratur og kjelder

Referansar