Vik & Blindheim Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Muslingstolen, dansk design, 1953. Produsent: Vik & Blindheim.
Julehelsing frå Vik & Blindheim Møbelfabrikk i ei annonse i Sykkylsbladet 22. desember 1958.

Vik & Blindheim Møbelfabrikk AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Karl K. Blindheim og Karl E. Vik i 1941. Både Blindheim og Vik hadde røynsle frå møbelindustrien då dei kom i gang med eiga verksemd. Vik & Blindheim Møbelfabrikk vart starta opp i kjellaren til Edvard Vik i Helljegarden på Vik. I 1942 tok eigarane inn to medarbeidarar. Første tida hadde bedrifta berre stopningsarbeid.

Etter nokre år leigde dei seg inn i første høgda av fabrikken til L.K. Hjelle, og frå 1947 hadde dei felles trevareavdeling med L.K. Hjelle i Treverkfabrikken. Same året bygde Vik & Blindheim eigen fabrikk, og i 1948 vart Treverkfabrikken lagt ned.

Vik & Blindheim selde ein stor dek av produksjonen sin i Austlandsområdet. I Oslo hadde dei ein agent som heitte Hassing, og han fylgde verksemda heile tida ho var i drift.

Bemanninga auka noko under krigen og i 1945 var talet på tilsette kome opp i ti. I 1948 stod det 12personar på lønningslista. Etter ei utviding av fabrikklokala gjorde talet på tilsette eit sprang oppover, og i 1949 var det 25 tilsette ved Vik & Blindheim. I 1955 var bedrifta på sitt største med 37 tilsette.

Under ei messe bedifta var med på i Danmark i 1953 kom leiinga i kontakt med nokre danske kolleger. Gjennom desse fekk dei lisens på produksjon av nokre danske møblar. Det var begrensa sal over landegrensene tidleg i 1950-åra, så det var ikkje noko trugsmål mot den danske produsenten at ei norsk bedrift fekk produsere modellane deira. Blant desse modellane var Muslingstolen som dei siste åra har vore omfatta med stor interesse av dei som er opptekne av retrodesign. I 2012 gjekk ein velhalden Muslingstol for 21000 kroner gjennom auksjonshuset Bukowskis.

Eksport var Vik & Blindheim lite involvert i dei 25 åra verksemda heldt det gåande. Men på ei eksportmesse i Stavanger fekk dei ein avtale med ein møbelhandlar frå Kuwait. Han ville ha levert ein serie av ein stol som Vik & Blindheim laga. Men møbelhandlaren ville ikkje ha trekk på stolane. Dei norske møbeltrekka var for lite raffinerte for arabiske kjøparar. I alt selde bedrifta fleire tusen stolar til Kuwait.

Ferdig utbygd var fabrikkbygget til Vik & Blindheim i tre etasjar. Det låg vegg i vegg med møbelfabrikken Solid, som J.E. Ekornes Fabrikker AS tok over i 1959. Ekornes kjøpte også bygget til Vik & Blindheim etter at verksemda var lagt ned og fabrikkbygget vart til sals i 1967.

Kjelde