Vitimusea
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandsbussen Heland.
Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.
Samfunnsoppdraget
Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegne av samfunnet. Dei har aktivitetar i alle kommunane på Sunnmøre, gjennom arrangement, digitale opplevingar, drift av arenaer, turnear, innsamling, dokumentasjon og bevaring, formidling, forvaltning og forsking. Viti skal vere ein møtestad for kunnskap og opplevingar. Grunnlaget for kunnskap og opplevingar ligg i samlingane. Vi forvaltar store gjenstandssamlingar og kunstsamlingar, kulturhistoriske bygningar og båtar.
Viti har også store arkiv, mellom anna fleire millionar foto. Musea er underlagde demokratisk kontroll og får tildelt oppgåver etter offentleg mandat. Dei har offentleg finansiering gjennom tildelingar frå kulturdepartementet, samferdselsdepartementet, Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane dei har samarbeidsavtale med. I tillegg har Viti eigeninntekter frå sal og prosjektinntekter gjennom samarbeid med andre. Viti har lokale, regionale, nasjonale og internasjonale oppgåver. Dei er ein del av Kystverkmusea og er nasjonalt kompetansesenter for jugendstil.