Ågetveitvegen
Ågetveitvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går frå Folkestadvegen til Gåravegen ved Gåra. Han er om lag 2,2 kilometer lang og går for det meste i jordbrukslandskap.
Vegen har namn etter Ågetveit-gardane og blei namnsett i 1988.
Mot enden går vegen over Gårahaug der den vesle Gåra stavkyrkje stod. Ho blei truleg sett opp på 1200-talet eller helst tidlegare, og blei riven i 1850. Her på haugen står framleis to steinar av ein noko uvanleg skapnad. Den eine er høg og smal, den andre er ei helle reist på kant, og denne har ei bølgeform i overkant. Steinane kallast «gapestokken» og «steinmerra», og ein trur dei har vore nytta til straffemiddel, men me har ikkje skrivne kjelder som provar det.
Bakken opp frå Folkestadvegen blir kalla «Matmorbakken». Bakgrunnen for dette namnet skal vere følgjande:
Når ei kvinne tok til seg eit barn, blei ho kalla matmor. I den nedre bratte bakken opp frå Folkestadvegen hadde ei kvinne ein gong tatt livet av fosterungen sin. Denne ungen gjekk seinare att, blei det sagt, for folk meinte dei hadde høyrt eit barn rope «matmor, matmor». I lange tider var folk redde for å gå der i mørkret.
Eigedomar
- Nr. 54: Ågetveit (Oppigard) (gnr. 8/3). Dette er søndre delen av Ågetveit østre. Her er den gamle husestaden
- Nr. 56: Ågetveit (Nordigard) (gnr. 8/4). Dette er austre delen av Ågetveit øvre
- Nr. 71: Ågetveit nedre (gnr. 8/1)
- Nr. 109: Helland (gnr. 8/2)
- Nr. 116: Valen (gnr. 4/3)
- Nr. 157: Vestgarden (gnr. 5/3)
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart.
- Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972.
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III ved Stian Henneseid. Bø kommune 1986.
- Leif Krosshaug fortalde historia om «Matmorbakken» som han fekk av Anton Røstad i 1975.