Agdenes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Agdenes
Flyfoto fra Lensvik, 1960-tallet.
Basisdata
Kommunenummer 1622
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunesenter Lensvik
Areal 317.65  km²
Areal land 297.26  km²
Areal vann 20.39  km²
Folketall 1 711 (2017)
Målform bokmål
Nettside Nettside
Flyfoto fra Lensvik, 1960-tallet.

Agdenes er ein kommune på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen, som ligg heilt ytst i Trondheimsfjorden, grensar mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelene av kommunen slik han har vore frå midten av 1960-åra er Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen.

Topografi

Agdenes har vekslande natur med fjell og fjord, frodige åkrar og fuktige myrområde, skogkledde lier og nake, vêrhardt landskap.

Klimamessig er kommunen delt i to, og vêrskiljet går i ein fjellrygg gjennom kommunen. Ytre del av kommunen har typisk kystklima med milde vintrar og lite snø, medan indre del har meir vegetasjon, mindre vind og snørike vintrar.

Historie

Kong Øysteins hamn nær Agdenes fyr er ein viktig marinarkeologisk lokalitet.

Den noverande kommunen vart oppretta i 1964, da indre del av gamle Agdenes kommune, Lensvik kommune og Ingdalen krets av Stadsbygd kommune, vart samanslegne. Føre 1964 var gamle Agdenes kommune delt frå Ørland kommune i 1896. Lensvik kommune var delt frå Rissa kommune i 1905, medan Ingdalen hørte til Statsbygd kommune heilt fram til 1964.

I 1995 vart grenda Moldtun overført frå Agdenes til Snillfjord kommune. Grenda hadde ikkje vegsamband før i 1994, og da vegen kom, var det mot Snillfjord. Derfor var det naturlig at grenda, etter eige ønskje, vart overført til Snillfjord.

Samfunn

Religion

Agdenes kommune svarar til Agdenes prestegjeld i Den norske kyrkja. Kommunen har tre kyrkjer: Agdenes kyrkje, Lensvik kyrkje og Ingdalen kapell.

1622 Agdenes komm.png

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet med namnet «I hermelin eit raudt skjoldhovud» vart godkjent i 1991. Hermelin symboliserer at dei kongelege heldt til på Agdenes i tidlegare tider, og det symboliserer òg skinnproduksjonen i vår tid. Det raude feltet står for jordbær, for hjartevarme eller for blodet frå øksa til Eirik blodøks.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen er den gamle bustadplassen Fjølåsen. Det er bygd kulturveg opp til Fjølåsen, og langs traséen er det blant anna oppsett over 40 opplysningsskilt. Kommunen har òg planer om å byggje opp att ein del av dei gamle husa.

Næringsliv

Jordbærproduksjon

I over 100 år har jordbærdyrking vore ei betydeleg inntektskjelde for mange gardbrukarar i Agdenes kommune. I 1896 starta Lars H. Selbæk jordbærdyrking i heimbygda si og gav bort plantar til gardbrukarar i heile kommunen. I 2001 var det rundt 320 dekar med jordbæråkrar i Agdenes kommune. Det største arealet er i Lensvik, men det blir òg dyrka mykje jordbær i Ingdalen og Mølnbukta.

Personar frå Agdenes

Lenkjer


16 Sor-Trondelag vapen.png
SØR-TRØNDELAG
FOSEN: Agdenes | Bjugn | Frøya | Hemne | Hitra | Osen | Rissa |  Roan | Snillfjord | Ørland | Åfjord | ORKDALEN: Meldal | Oppdal | Orkdal | Rennebu | GAULDALEN: Holtålen | Melhus | Midtre Gauldal | Røros | STRINDA: Klæbu | Malvik | Skaun | Trondheim | STJØRDALEN: Selbu | Tydal (& Meråker og Stjørdal i Nord-Trøndelag)

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Agdenes» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Agdenes» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.

Koordinater: 63.50575° N 9.82623° Ø