Lesja prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesja kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Hans H. Joramo (omkr. 1910).

Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.

«Dette Giæld kan med Rette regnes til dem, som blandt alle i Norge har den vidløftigste Strækning ... » skreiv Gerhard Schøning i 1775.

Prestegjeldet har desse kyrkjene:

Eldre kyrkjer i prestegjeldet, sjå under Stavkirker i Oppland.

I stykket: Indikasjoner på udokumenterte kirker i Oppland er det òg nemnt nokre mulege eldre kyrkjestader i Lesja.

I Eid kyrkje står det ein døypefont med årstallet 1519 som skal vere frå Lesja.

Prestgarden (opphavleg namn: Hov) ligg like nedafor Lesja kyrkje.

Lesja prestegjeld høyrde til Gudbrandsdal prosti fram til 1871, deretter til Nord-Gudbrandsdal prosti. Frå reformasjonen til 1864 høyrde Lesja til Oslo bispedømme, deretter Hamar bispedømme.

Prestar i Lesja prestegjeld

Lesja prestegard.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Etter Bygdebok for Lesja bind 3 (fram til 1996).

Kjelder

Litteratur