Matheus Holte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Matheus Hansen Holte (fødd 1901 på Mågerø, Tjøme, død 3. januar 1991 i Gvarv, Sauherad) var gardbrukar og ein leiande skikkelse innanfor Det Haugianske Vennesamfunn. Holte vaks opp i ein heim som var prega av pietistisk kristendom. Andakt med song og lesing av preikesamlingar var obligatorisk.

Til Telemark

Holte vart gift med Helga Teksten frå Sauherad då han var i 20-års alderen. Dei busette seg på garden Holte i Nes. Ein nabo til garden var Tollef Olsen Aaraas, som då var leiar for Det Haugianske Vennesamfunn. Matheus Holte rekna Aaraas som sin andelege far. Holte var ein sentral leiar i Det Haugianske Vennesamfunn i over 75 år.

Forkynnar og forfattar

Matheus Holte reiste mykje som forkynnar i omtrent alle delar av Noreg. Mellom anna vart han invitert som forkynnar til Lyngenlæstadianarane sitt hauststemne i Skibotn i 1948.

Holte skreiv mange bøker og hefte om teologiske emne. Det første skriftet hans kom ut då han var 25 år: "Nogen Formaningsord". Også i lesarbrevspaltene i avisene var han ein ivrig bidragsytar.

Intervju på radio

I samband med innviinga av Haugeheim skule i Sund i Hordaland i 1960 vart det sendt ein reportasje på NRK Radio. Her vart mellom anna Matheus Holte intervjua.

Kjelder