Matheus Holte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Matheus Hansen Holte (fødd 1901 på Mågerø, Tjøme, død 3. januar 1991 i Gvarv, Sauherad) var gardbrukar og ein leiande skikkelse innanfor Det Haugianske Vennesamfunn, ein laust oppbygd samanslutning som baserer verksemda si på prinsippa som forkynnaren Hans Nielsen Hauge la fram. Holte vaks opp i ein heim som var prega av den pietistiske arven etter Hauge. Andakt med song og lesing av preikesamlingar var obligatorisk.

Til Telemark

Holte vart gift med Helga Teksten frå Sauherad då han var i 20-års alderen. Dei busette seg på garden Holte i Nes. Ein nabo til garden var Tollef Olsen Aaraas, som då var leiar for Det Haugianske Vennesamfunn. Matheus Holte rekna Aaraas som sin andelege far. Holte var ein sentral leiar i Det Haugianske Vennesamfunn i over 75 år.

Forkynnar og forfattar

Matheus Holte reiste mykje som forkynnar i omtrent alle delar av Noreg. Mellom anna vart han invitert som forkynnar til Lyngenlæstadianarane sitt hauststemne i Skibotn i 1948.

Holte skreiv mange bøker og hefte om teologiske emne. Det første skriftet hans kom ut då han var 25 år: "Nogen Formaningsord". Også i lesarbrevspaltene i avisene var han ein ivrig bidragsytar.

Intervju på radio

I samband med innviinga av Haugeheim skule i Sund i Hordaland i 1960 vart det sendt ein reportasje på NRK Radio. Her vart mellom anna Matheus Holte intervjua. Høyr intervjuet her

Kjelder