Ole Myklestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.

Saueskabben Psoroptes

Med den såkalla saueskabben (Psoroptes) hadde det seg slik at den kan ha kome med saueimport frå England eller Spania på byrjinga av 1800-talet. Sjukdommen herja fælt, og etter kvart vart det så ille at styresmaktene oppnemnde lokale «skabbnemnder» som skulle freista få bukt med skabben under leiing av veterinær og agronomar. I 1862 vart såleis veterinær W. Schou tilsett for å leia aksjonen på Vestlandet. Han prøvde seg fram med forskjellige midlar, og trass i at bøndene sjølve meinte at sjukdommen måtte liggja i blodet valde Schou til slutt ein utvortes kur – nemleg å vaska sauene med ein saus av eit halvt kilo rein amerikansk tobakk som vart kokt i ti liter vatn i to timar. Dyra vart bada i 10 minutt med blandinga, som så vart teke oppatt etter 4-5 dagar. Deretter måtte smalen haldast innandørs dei fyrste dagane så ikkje tobakksluten skulle bli vaska vekk av regn og ruskever.

Dyrlækjar Schou fekk fleire assistentar med seg på dette arbeidet, og ein av dei ivrigaste og flinkaste var Ole Myklestad. Ja, så effektiv var han at han etter kvart tok over leiinga av dette store prosjektet. Berre i søndre Bergenhus vart nær på 130 000 sauer vaska på dette viset.

Frå Stavanger i sør til Christiania i aust og heilt opp i det nordenfjeldske – overalt var ”hr. Agronom Møklestad” energisk på farten og utrydda skabben med glimrande resultat. I 1892 vart Ole Myklestad såleis tildelt Norges Vel si store sylvmedalje.

Kalla til Island

Illustrasjon frå Ole Myklestad si bok om sauesjukdomen Psoroptes - Um kláðasýki á sauðfje (1903). Universitetsbiblioteket i Reykjavik.
Foto: Knut Rage

Island var dei òg plaga av skabben. Ole Myklestad vart kalla dit av styresmaktene i landet, og 61 år gammal drog han den lange sjøvegen mot nord i ein forrykande novemberstorm for å stansa ”den ondartede Faareskabssyge”.

Ferda frå Bergen til Island via Færøyane med seglskuta ”Egil” tok faktisk ikkje meir enn drygt eit par veker, og då hadde dei endå til fått full storm undervegs. Uveret raste så voldsamt at dei ikkje fekk lossa ved Færøyane, slik meininga var. Men ikkje desto mindre fekk Ole rodd inn til Torshavn og tok ein titt på byen, der gatene var så tronge at ein kunne ta bort på husveggene med begge hender, fortel han. Stormen gav seg ikkje, og til slutt måtte dei gå ein omveg til ein annan stad der ein fiskekutter fekk varene om bord for å bringa dei til Torshavn.

13. desember kom dei så fram til Island, nærare bestemt til Akureyri i Eyjafjord, der Ole Myklestad vart innkvartert på det nybygde hotellet. Det var den nest største byen på Island, med heile 2000 innbyggjarar. Myklestad hadde straks fleire konferansar med amtmannen om korleis arbeidet med å få bukt med sauesjukdommen skulle gjerast. Dei hadde også eit møte med bøndene i distriktet. Amtmannen lånte Ole ein hest, og han fekk diktaren Einar Hjørleifsson til følgjesmann.

Inspeksjonsturar på hesteryggen

Det skulle koma til å bli mange dagar og veker på hesteryggen, på kryss og tvers over heile Island i åra frametter. Allereie nokre dagar etter framkomsten drog Myklestad ut for å slåss mot skabben. Med eit følgje på 25 mann reid han fyrst til storgarden Grund i Nordlandet. Her vart det såleis halde eit møte for folka i distriktet. Det var forresten ikkje berre alvor – Myklestad fortel at dei fekk godt med kaffi og mat og rikeleg med fôr til hestane, og følgjesmannen hans, diktaren Einar Hjørleifsson, las morosame stubbar.

Frå Grund reid dei vidare ut på ein inspeksjonsreise. Einar var no den einaste som følgde han, og skulle visa veg. På vegen byrja det å snø, det var tett tåke og mørkret fall på. Etter kvart gjorde dei ”den uhyggelige Opdagelse” at dei hadde gått seg vill. Men til alt hell støytte dei endeleg på ein liten gard, der dei vart gjestfritt mottekne. ”Dette var mit første Indtryk af, hvilket forekommende Folk Islænderne er at færdes blant,” skriv Myklestad. Og gjestfrie – ja, det var dei, alle som ein. Ikkje nok med at dei alltid fekk ”Ædderkopsdundyne og renstrøgne Lagen” – den vanlege skikken alle stader var å servera gjesten morgonkaffi på senga, og det var noko han sette pris på!

Om veret var dårleg, så var det heller ikkje rare matstellet på desse lange ”Inspektionsturene”. Sant nok vart dei alltid teke vel imot og fekk både kaffi og kaker, men som oftast måtte dei reisa vidare utan middagsmat. Ein stad fekk dei servert aure som var fanga med garn under isen, men det var eit unnatak. Kvifor islendingane var så knipne med middagsmaten seier han ikkje noko om – men kanskje dei ikkje hadde så mykje mat å spandera bort vinterstid? Det var elles ikkje småtteri samanlikna med norske tilhøve, mange av dei islandske gardane. Såleis fortel han om ein gard med 100 hestar, 16 kyr og 400 sauer – det var mykje på den tida!

Slik kava dei seg sakte fram frå gard til gard heile vinteren. Ofte kunne den lause snøen nå opp til buken på hestane. For å spara tid reid dei rett som det var gjennom fjellområde og over isbrear. Vinden reiv og sleit, det var ned til ti kuldegradar – og svoltne var dei. Nokre stader fann dei noko underleg: kjelder med varmt vatn, med ”en udmerket Badetemperatur”. Ja, ikkje berre det, men somme stader var vatnet så varmt at dei kunne koka medbrakt fisk i kjeldene.

Nye reiser

Sommaren 1903 oppheldt Ole Myklestad seg i Reykjavik. Her arbeidde han saman med komiteen som var oppretta for å organisera arbeidet med utryddinga av saueskabben. Alltinget løyvde heile 170 000 kroner til arbeidet – litt i minste laget, etter Myklestad si meining, ettersom han hadde rekna ut at det fanst fleire sauer på sagaøya enn det offisielle talet på 700 000 dyr.

Arbeidet heldt fram, og det vart nye reiser – denne gongen på Austlandet. Han vitja Thingvellir og fortel levande herfrå. Så bar det vidare inn i sjølve landet, og der var det sanneleg vilt. Somme stader måtte dei kryssa frådande elver som var så djupe at menn og hestar måtte symja som best dei kunne – og nokre gonger heldt det på å gå reint ille. Jorda er så skrinn og karrig at det er vanskeleg å livberga seg. Men andre stader kan det vera reine skjære velstanden, som ein gard med meir enn 800 sauer. Her og der heldt han ”Foredrag for Almuen” for å informera folk om korleis dei skulle handtera skabben. På desse kantar støytte han også på landsmenn – ein kar frå Stavanger dreiv ei stor fiskeriverksemd ved kysten.

Etter ein rask retur til Akureyri la han ut på sin andre austlandsferd i byrjinga av desember.

Medaljar og utmerkingar

Ole Myklestad gav ut fleire småskrifter om behandling av saueskabb, både i Noreg og på Island. Universitetsbiblioteket i Reykjavik.
Foto: Knut Rage

I 1906 tok han ut på ei rundreise for å sjå til korleis det hadde gått. Det viste seg då at prosjektet hadde vore særs vellukka. Ikkje ein einaste sau var blitt angripen på nytt. Ole Myklestad var blitt ”dagens helt”.

I midten av juli 1906, tre og eit halvt år etter at han kom til Island, sette Myklestad kursen heim til Noreg med det danske skipet ”Kong Inge”. Turen gjekk via Færøyane. Men ikkje før folket i Eyjafjord hadde slått seg saman og halde eit stort ”Hædersgilde” for han før han drog.   Ole Myklestad vart heidra med ymse medaljar og utmerkingar for innsatsen sin. Om Ole Myklestad skriv statskonsulent K. Teig i 1906 at ”saa gjelder dog overalt hr. agronom og gaardbruger O. Myklestad for at være den mand, som ved sin grundige forstaaelse og konsekvente, ubøielig gjennemførte behandling af de syge dyr har renset faarebestanden for sygdommen. Hans veludviklede administrationsevne har hjulpet til at disiplinere alle hans hjelpere saavelsom faareeierne.” Frå anna hald får me høyra om hans ”sjeldne praktiske anlæg” og den store økonomiske sans han legg for dagen, samt ein usedvanleg energi som gjer at han kan arbeida utrøytteleg. Han fekk også takkebrev frå fleire plassar i landet.

Også frå Island kom det fleire takkebrev. Statsråd Havsten skriv t.d. i 1904 om kor avhalden og akta Myklestad hadde vore mellom folket på Island, og frå byfuten og distriktslækjaren i Akureyri heiter det at Myklestad la for dagen ei eiga evne til å omgås folk og få dei til å interessera seg for saka. Desse orda frå vigslebiskopen i Akureyri er kanskje det som best oppsummerar Myklestad sin person og livsgjerning: "Paa sine mange Vinterrejser, som have været baade besværlige og farefulde, har hr. Myklestad udvist en for sin Alder enestaaende Ihærdighed og Dyktighed, og intet Offer har været for stort til at fremme den Sag, han har taget i sin dyktige og erfarne Haand. Paa disse Rejser har han vundet alles Hjærter ved sin personlige Elskværdighed og Ligefremhed, og ved den Interesse og Varme hvormed han har talt og virket for sin Sag. Hr. Myklestad er da ogsaa en Mand, som det Islandske Folk ser med Tillid og Taknemmelighed for hans for oss saa umaadelig betydningsfulde Arbejde.”

Ole Myklestad døydde i 1918, 77 år gammal, som ein ordentleg heidersmann, på garden sin i Sandalen i Fana. Han var gift to gonger, fyrst med Torbjørg Nilsdtr. Unneland, og tok over slektsgarden med henne på Unneland. Etter at ho døydde gifte han seg opp att med Synneve Myklebust frå Sunnfjord, og flytte då altså til Sandalen.

Bok frå opphaldet på Island

Frå opphaldet sitt på Island skreiv Ole Myklestad ei bok som vart gjeve ut av Lunde forlag i Bergen 1915, under tittelen "Gjennem Island paa kryds og tvers". Men uhellet ville at boklageret brann ned, og berre nokre få eksemplar vart redda ut or flammane. Boka finst i dag i få eksemplar. I tillegg gav Ole Myklestad ut ei rekkje småskrifter om stell og pleie av sauebestanden og korleis ein skulle bekjempa skabb på dyra.

Litteratur og kjelder

  • Ole Myklestad i Historisk befolkningsregister.
  • Ole T. Myklestad i folketeljinga 1910 for Fana herad frå Digitalarkivet
  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Utg. Tysnes Sogelag, 1987.
  • Heggland, Johannes: Tysnes - det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Myklestad, Ole: Gjennem Island paa kryds og tvers. Lunde forlag, 1915.
  • Rage, Knut: Ole Myklestad - mannen som berget Islands sauebestand. Tidsskriftet Historie nr 4 2011.
  • Rage, Knut: Den store Islandsferda. Soga om då Ole Myklestad stansa den uhyggelege sauesjukdommen. Sunnhordland Årbok, 2004.
  • Samling av dokument med kopi av brev og attestar, utlånt av Torbjørn K. Myklestad, Tysnes.