Alexander Bugge (1870–1929)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Faksimile fra Aftenposten 27. desember 1929: Utsnitt av nekrolog over Alexander Bugge.
Alexander Bugge (fødd i Kristiania 30. desember 1870, død i København 24. desember 1929) var historikar. Han var professor ved universitetet i Kristiania 1903-1912, deretter statsstipendiat. Dei faglege spesialfelta hans var vikingtidssamfunnet og mellomalderen, med vekt på handels-, skipsfarts-, og byhistorie, og dessutan eldre busetjingshistorie. Ved sida av fleire betydningsfulle vitskaplege avhandlingar skreiv han populærvitskaplege historiske framstillingar, og han var ein etterspurd foredragshaldar. Bugge var blant dei akademikarane som engasjerte seg sterkt i den lokalhistoriske rørsla tidleg på 1900-talet. Mellom anna skreiv han gards- og ættesoge for Våler i Solør.

Familie

Alexander Bugge var son av professor Sophus Bugge (1833-1907) og Karen Sophie fødd Schreiner (1835-1897). Han var soneson av trelasthandlar og skipsreiar Alexander Bugge (1790-1854) .

Professor Alexander Bugge gifta seg i 1903 med Marie Magdalene Graff (1877-1934), dotter av oberstløytnant Oscar Graff og Magdalene Eleonore Wetlesen.

Alexander Bugge er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Utdanning, yrkeskarriere og vitskapleg verksemd

Alexander Bugge byrja på universitetsstudiane i 1890 og vart cand. philol. i 1894. Frå 1895 var han universitetsstipendiat. Det same året hadde han eit studieopphald i London, som gav grunnlag mellom anna for avhandlingar om handelen mellom Noreg og England til byrjinga av 1400-talet, og om gotlenderane sin handel på Noreg og England på 1300-talet. Han var i det heile internasjonalt orientert med mange studieopphald i England, Irland (han lærde seg irsk), Nederland, Tyskland og Italia.

Bugge tok doktorgraden i 1899 på avhandlinga Studier over de norske byers selvstyre og handel før Hanseaternes tid. Han vart innvald i Videnskabsselskabet i Kristiania året før.

I 1903 vart han utnemnd til professor i historie ved Universitetet i Kristiania, i professoratet som var blitt ledig etter Gustav Storms død. Bugge søkte avskil frå embetet i 1912, etter alt å dømme av personlege årsaker, derunder alkoholproblem og sterk vantrivsel i utføringa av undervisningspliktene. Han vart etter dette statsstipendiat, og heldt fram med sin vitskaplege og populærvitskaplege produksjon.

Alexander Bugge var også ein sentral kjeldeutgjevar. Han var medredaktør av fleire band av Diplomatarium Norvegicum, og eineansvarleg for band XIX og XX (utg. 1910-1915), der han sytte for at det kom med mykje materiale frå engelske arkiv. Saman med Oluf Kolsrud utgav han i 1919 eit spesialband av diplomatariet med brev frå Fyresdal. Det hadde noko samanheng med at han i lengre periodar budde i Telemark etter at han slutta i professoratet. Mellom anna leigde han Klokkargarden i Fyresdal ei tid (ca. 1915-1917). Han oppheldt seg også i Kviteseid.

Tett knytt til opphaldet i Telemark var Bugges granskingar av eldre busetjingshistorie. I Norsk Folkekultur 1916, 1917 og 1919 skreiv han om busetjingsutviklinga nettopp i Telemark. Han utarbeidde på same tid i Historisk tidsskrift eit landsdekkande oversyn over «Tingsteder, gilder og andre gamle mittpunkter i norske bygder», og han skreiv «Om hvorledes Norge var bygget i vikingstid og middelalder» (1918-1919).

Lokalhistorisk engasjement

Alexander Bugge er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Det var eit gjensidig stimulerande tilhøve mellom Alexander Bugges busetjingshistoriske studiar og hans interesse for lokalhistorie. Han var med i krinsen i Den norske historiske forening som heilt på byrjinga av 1900-talet arbeidde for å fremje lokalhistoria. Han bidrog med tre artiklar til ei spesialutgåve av Historisk tidsskrift som var vigd lokalhistorisk gransking (Rekke 4, band 5, utgitt 1909). Hans emne her var Munkeby kloster i Levanger, Nordlands historie og Vestfold og ynglingeætta. Bugge vart vald inn i styret i den historiske foreininga i 1912, eit styre som har vore karakterisert som «mesta eit reint "lokalhistorisk" styre» (Lars Reinton i Lokalhistorie i forskning og kulturarbeid).

Etter Telemark-tida si fann Bugge det naturleg å gje sine bidrag til Aarsskrift for historielaget for Telemark og Grenland, som kom ut frå 1918.

Frå 1920 engasjerte Bugge seg i sterkt i Solør-Odals historielag, som vart skipa det året etter initiativ av Oluf Kolsrud. Bugge vart leiar for bygdebokarbeidet der. Planen var å utgje eit stort regionalhistorisk bokverk med eigne band for kvart herad i Solør og Odal. Bugge byrja med gardshistoria for Våler, i nært samarbeid med skogeigar Ole Aslakrud, som hadde samla mykje stoff. Det kom tre hefte av boka i 1923, og Bugge hadde mest ferdig manuskriptet til 1927. Boka kom fyrst i 1936, ferdigstilt av ein komite, der mellom anna Håvard Skirbekk, som «korrekturlesar», hadde redigert og komplettert Bugge sitt manuskript. Bugge fortel sjølv i eit forord frå 1922 om korleis arbeidet med Våler hadde vore drive, og kva planar som var lagde for det regionalhistoriske arbeidet. Han budde i denne perioden i månadsvis om gongen på Aslakrud og andre stader i Våler.

På denne tida gav Bugge også tilskot til lokalhistoria andre stader frå. Mellom anna kom i 1923 Arendal fra fortid til nutid, redigert av Fredrik Scheel, der Alexander Bugge skreiv om framveksten av byen på ein breiare bakgrunn av handel og skipsfart på Aust-Agder.

Populærvitskapleg produksjon

Lokalhistoria var ein viktig del av Alexander Bugges svært omfattande populærvitskaplege produksjon. Viktigast av dette elles er to bøker om vikingane (1905-1906), om heile perioden fram til 1030 og dessutan 1046-1319 i Aschehougs noregssoge (1909-1916), og ikkje minst Illustreret verdenshistorie for hjemmet i heile ni band 1920-1929.

Grensene mellom den vitskaplege og populærvitskaplege utgjevinga er naturlegvis ikkje så skarp. Hans band om tida før 1600 av Den norske sjøfarts historie (1923) og hans Den norske trælasthandels historie (1925-1928) kan godt plassserast i båe kategoriane.

Kjelder og litteratur

  • Bugge, Alexander: Forord frå 1922 i Våler bygdebok, utg. av Solør-Odals historielag 1936.
  • Koht, Halfdan: Artikkel om Bugge i Norsk biografisk leksikon 1924.
  • Krag, Claus: "Alexander Bugge", i Norsk biografisk leksikon II.
  • Lokalhistorie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år (red. Bjørkvik, Fladby, Reinton & Sandnes). Universitetsforlaget, Trondheim 1970.

Bibliografi (utvalde verk)

  • «Handelen mellem England og Norge indtil Begyndelsen af det 15. aarh.», i Historisk tidsskrift 1898.
  • Studier over de norske byers selvstyre og handel før Hanseaternes tid, 1899
  • Contributions to the history of the Norsemen in Ireland, Videnskabsselskabet i Kristiania, Skrifter II 1900, nr. 4, 5, 6, 1900
  • Vesterlandenes indflydelse paa nordboernes og særlig nordmændenes ydre kultur, levesæt og samfundsforhold i vikingetiden, Videnskabsselskabet i Kristiania, Skrifter II 1904 nr. 1. 1905
  • Vikingerne. 1904, 1906
  • «Et ukjendt Kloster nordenfjelds». I Historisk tidsskrift, 4. rekke 5. bd., 1909.
  • «Nordlands skiftende Skjæbne». I Historisk tidsskrift, 4. rekke 5. bd., 1909.
  • «Vestfold og Ynglingeætten». I Historisk tidsskrift, 4. rekke 5. bd., 1909.
  • Norges historie fremstillet for det norske folk, bd. 1, del 1 og 2, bd. 2, del 1 og 2, 1909–16
  • «Der Untergang der norwegischen Schiffart im Mittelalter», i Vierteljahrschrift für Sozial- und Wirtschaftsgeschichte, bd. 12, 1914
  • Den norske sjøfarts historie, bd. 1, 1923
  • Illustreret verdenshistorie for hjemmet. 1920-29
  • Den norske trælasthandels historie, bd. 1 og bd. 2:1, 1925–28
  • Våler bygdebok, (posthumt) 1936

Eksterne lenkjer