Gunnar Skotte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar Skotte utanfor produksjonslokala til Sykkylven Sportsforretning i 1939. Eigar av biletet er Reidar Skotte.

Gunnar Skotte (f. 1919) var ein sykkelprodusent, handelsskulelærar og rektor frå Sykkylven. Det var Skotte som stod bak etableringa av Sykkylven Sportsforretning i 1937. Hovudaktiviteten til verksemda var dei første åra produksjon av syklar. Alt etter eit par års drift var årsproduksjonen komen opp i om lag 150 syklar.

Initiativrik ungdom

Gunnar Skotte var son til styraren av Sykkylven Handelslag, Edvard Skotte. Mora, Olivia, dreiv Sykkylven Hotell på Aure og der budde også familien ei tid. I 1933 flytte dei til Fauskebygda der borna i familien fekk meir tumleplass. Det viste seg snart at Gunnar var ein gut med uvanleg tiltak og virkelyst. Alt då han gjekk i folkeskulen, tok han brevkurs i hagedyrking og prøvde ut dei teoretiske kunnskapane på jordlappen dei hadde ved bustaden. Han laga drivbenkar der han dyrka fram blomster og kålplanter. Han dyrka også kål på hyttetomta dei hadde ved Andestadvatnet, og på eit jordstykke han leigde i Kagholen. 3000 kål kunne han få fram på ein sesong. Kåla tok han med seg til Ålesund og selde. På Fauske heldt Gunnar også høns. Han ringmerkte dei slik at han kunne sjå kven som gjorde nytte for seg. På same tida skaffa han seg kunnskap om binding av bøker. Han batt inn mange bøker for skulebiblioteket på Vik, og for gullgravaren og møbelfabrikanten Karl Ramstad, batt han inn ein heil årgang av vekebladet Urd. Ein annan kunde var Bernt Fauske som dreiv Brandbåtane. For Fauske hefta Gunnar inn mange hundre eksemplar av boka «Eitt og anna.»

Start på Aure-kaia

Gunnar hadde lyst til å gå vidare på skule, men det var ikkje vidaregåande skuletilbod i heimbygda. Han reiste i 1935 til Sjøholt for å ta toårig middelskule der. Då han var ferdig i 1937, var spørsmålet kva han skulle slå inn på. Edvard Skotte var godt kjend med Peder Øie som dreiv sykkelproduksjon i Stordal. Han ordna plass for Gunnar i sykkelverkstaden. Her fekk han grunnleggande kunnskap i sykkelmontering. På verkstaden til Øie låg nokre utanlandske eksportblad, mellom dei «Export Trader», som Gunnar fekk interesse for. Og her fann han firmaet Kirk & Merifield i Birmingham, som vart hovudleverandøren hans av engelske sykkeldelar. Det første året Gunnar dreiv, tok han delane frå P. Øie. Gunnar Skotte starta forretninga si i lokala som Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk hadde på Aurekaia. Allereie i 1938 hadde han ferdig ei reklamebrosjyre som han fekk trykt og distribuert over eit stort område. Det gjekk ikkje lang tid før han etablerte kontakt med firmaet Helleberg i Lillehammer. Det var ein frå Øglænd-familien på Sandnes som dreiv dette selskapet, Arne Øglænd. Dei komande åra var Helleberg hovudleverandør av sykkeldelar til Gunnar Skotte og Sykkylven Sportsforretning.

Sykkel for helg og yrke

Gunnar Skotte hadde heile landet som marknad, men i motsetnad til mange av møbelfabrikkane som kom i gang i Sykkylven på same tida, la han ikkje om frå nynorsk til bokmål i marknadsføringa. Alle annonsar og reklamebrosjyrar vart forma på heimleg målgrunn. Namnet på syklane, Trollsteg, vitna også om at produsenten ikkje hadde trong for å pynte seg med lånte fjør. Truleg er namnet inspirert av Trollstigvegen som vart opna eitt år før sykkelproduksjonen kom i gang i Sykkylven. Det var ikkje berre éin Trollsteg-modell. I den nokså omfattande katalogen som Gunnar Skotte fekk laga i 1939 var det ikkje mindre enn ti modellar. Dei hadde alle eigne modellnemningar: ballongsykkel, turistmodell dame og herre, engelsk modell dame og herre, Raleighmodell dame og herre, halvracer og specialracer. I tillegg til Trollstegmodellane hadde verksemda også to modellar i rimeleg prisklasse, kalla Noreg, og ein lett motorsykkel med namnet Trollsteg luksus 1939 modell. Gunnar importerte også nokre Montgomery motorsyklar frå England. Specialraceren, som var avbilda i katalogen, hadde racerstyre nett som moderne racersyklar, og fotbindingar av metall og lær. Skjermane var av celluloid og felgane av aluminium for at sykkelen skulle vere så lett som mogeleg. Det vart ikkje noko storsal av racersyklar i Sykkylven, men Gunnar skaffa seg sjølv ein slik. Han trena ikkje på sykkel, og det var ikkje noko miljø for konkurransesykling i Sykkylven i 1930-åra. Men i Ålesund var det det. Ein gong kom tre racersyklistar frå byen. Dei hadde tenkt seg rundt Ramstaddalen, Fjellsetra og Velledalen. Gunnar vart med, men merka fort at han ikkje hadde same forma som spesialsyklistane, og snart vart han hekta av.

Brå stopp

Sykkelproduksjonen i Sykkylven hadde ein svært god start; 150 syklar vart levert allereie det andre heile driftsåret, og det såg svært lovande ut for 1940. Det året gjekk Gunnar Skotte inn avtale med Helleberg om levering av delar til 400 syklar. I 1939 hadde dei flytta inn i nye lokale, i Skottehuset, som seinare mellom anna vart nytta av Frivillegsentralen. Her var det rom for rasjonell produksjon av syklar. Gunnar hadde då fått hjelp i produksjonen. Allereie andre driftsåret, i 1938, tilsette han ein medarbeidar, slektningen Eilef Skotte. På nyåret 1940 byrja Leif Holen i sykkelverkstaden. Sidan han hadde handelsskule, kunne han avlaste Gunnar med kontorarbeid også. Med arbeidshjelp fekk Gunnar høve til å realisere det sterke ønsket sitt om å fullføre ei handelsutdanning og få handelsbrev. Hausten 1939 tok han handelsskulen på tre månader i Ålesund, men han var aktivt med i leiinga av sykkelverkstaden og la offensive planar for det komande året. Mellom anna arbeidde forretninga med å utvide forhandlarnettet utover i landet. I bedriftsarkivet er det til dømes kopi av eit brev som Gunnar 13. april 1940 sende til J. Bergheim i Tysfjord i Nordland for å tilby eit agentur for Trollsteg- og Noregsyklane. Tidene var usikre og sal av syklar skjedde berre mot kontant betaling, skreiv Skotte. Det viste seg snart at tilførslane av delar til sykkelproduksjonen stoppa opp, så under krigen skifta verksemda frå nyproduksjon av syklar til reparasjonsarbeid. Dei hadde også utstyr for vulkanisering av gummidekk og hadde mykje arbeid med det.

Handelslærar

Hausten 1940 var ei roleg tid, og Gunnar nytta høvet til å gå bibelskulen på Fjellhaug. Han heldt fram å ta utdanning under krigen. I 1942 tok han handelsgymnas i Volda på eitt år. Etter det reiste han til Oslo og tok høgre avdeling ved Oslo handelsgymnas. I 1943 fekk han ein ettertrakta plass ved handelshøgskulen i Bergen, og han reiste dit. Men til liks med dei fleste høgskulane, kom skulen ikkje i gang av politiske grunnar. Gunnar fekk då eit årsvikariat som lærar ved Volda handelsskule. I 1944 vart det igjen ein fånyttes Bergens-tur. Gunnar starta då opp eit handelskurs i heimbygda. Gunnar Skottes halvårige handelskurs vart eit kjærkome tilbod til fleire av bygda sine fabrikkeigarar og næringsdrivande. Nils K. Roald var ein av dei som gjekk dette kurset, som vart skipa til som eit kveldskurs med undervisning kvar kveld. Etter fullført kurs kunne Roald ta alt kontorarbeid og rekneskapet i møbelverkstaden sin sjølv. Av andre industrifolk som gjekk handelskurset var John Hjortdal, Mindor Hjellegjerde, Perry Fet og Olav Andreassen. Sannsynlegvis var kurset med å heve kvaliteten på rekneskaps- og kalkuleringsarbeidet i dei mange nystarta møbelbedriftene i kommunen, og gje dei eit sikrare driftsgrunnlag.

I 1944 vart Sykkylven Sportsforretning omdanna til aksjeselskap med namnet Skotte & Co AS. Som medaksjonær kom Edvard Skotte inn. Gunnar vart registrert som styreformann i selskapet, medan faren vart disponent. Då krigen var over og det gjekk mot normale tider att, kom også broren til Gunnar, Reidar Skotte, meir med i forretningsdrifta. Han hadde også hjelpt til under krigen. Som broren hadde Reidar gjennomført handelsutdanning og var såleis rusta til å ta over meir av det daglege ansvaret.

Gunnar byrja i 1949 som lærar ved den nyetablerte handelsskulen, Storfjord handelsskule på Stranda, og frå 1962 var han rektor ved skulen. Denne stillinga hadde han heilt til han gjekk av med pensjon i 1986. I 1981 vart namnet på skulen endra til Vestborg vidaregåande skule. Gunnar Skotte vart omtala som ein dyktig lærar. Han var også flink på det tekniske området. Skulebladet Vestborg-kontakt vart i mange år trykt på skulen si offsetmaskin med Skotte som maskinoperatør. Skotte var svært interessert i fotografering. På skulen laga han til eit mørkerom og sette inn sitt eige svart/kvitt framkallingsutstyr. Dette fekk elevane bruke på fritida si.

I 1951 gifta Gunnar Skotte seg med Rannveig f. Standal. Ho vart ein god støttespelar for mannen, både i heimen og i arbeidet ved internatskulen på Stranda.

Kjelder

  • Arkiv etter Skotte & Co AS.
  • Eldar Høidal i samtale med Reidar Skotte, september 2016.
  • Lars Birger Stige: Gunnar Skotte 90 år.
  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven.