Jacob Hersleb Darre
Jacob Hersleb Darre (fødd i Overhalla 20. november 1757, død i Klæbu 15. desember 1841) var prest og eidsvollsmann. I meir enn ein mannsalder var han sokneprest i Klæbu prestegjeld. På Eidsvoll tilhøyrde han Sjølvstendepartiet.
Foreldra var prost Jørgen Darre (1711-1791) og Anna Heltberg (død 1763). Jacob Darre gifta seg 24. mars 1795 med Louise Caroline Steenbuch (15. juli 1773–16. mai 1860). Ho var også dotter til ein prest, Hans Steenbuch (1722–1800) og Anne Margrethe Lorentzen (1733–1809).
Jacob Darre vart student frå katedralskulen i Trondheim 1776, studerte i København og tok embetseksamen (cand. theol.) i 1784. Han var frå same året personell kapellan hjå faren. 1792 var han residerande kapellan i Orkdal, til han fekk embetet i Klæbu der han vart verande resten av si embetstid. Han vart pensjonert i 1733, da sonen, den seinare biskop Hans Jørgen Darre, overtok sokneprestembetet etter faren. I pensjonisttilveret budde Jacob Darre på garden Torva, som var enkjesete og låg like ved prestegarden.
Darre var tredje representant for amtet på Eidsvoll. Fyrsterepresentanten var klokkaren i Klæbu, Lars Larsen Forseth. Darre er mest kjend frå forhandlingane på Eidsvoll for sitt engasjement i spørsmålet om det benefiserte godset, som han ivra for å behalde som kyrkjeleg inntektskjelde. Han kan saman med prost Hans Christian Ulrik Midelfart, som også representerte amtet, tilskrivast mykje av æra for at vedtaka på Eidsvoll i denne saka vart som dei ville. Darre skreiv detaljert dagbok på Eidsvoll, og tillet seg å notere sigeren der: «Midelfart og Antegneren [Darre] kan uden Selvros ansee sig som Midlet til §'ens Antagelse». Dagboka er nøkternt refererande i forma, og røpar elles sjeldan Darres eigne synsmåtar på det eine og det andre. Men det framgår at han beundra Falsen og Rein, dei leiande personane i Sjølvstendepartiet. I jubileumsverket Eidsvold 1814 blir det sagt om han at han «i en viss forstand [var] den mest kjernenorske av hele forsamlingen og kunde søke sine forfædre blandt kong Sverres mænd», utan at det blir gjeve nærare forklaring på kva som låg i dette.
Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1826.
Darre var kjend for å ha gode kunnskapar om jorddyrking. Det var under hans tid som prest i Klæbu at det vart opparbeidd ein prestegardshage.
Reisa til Eidsvoll, fra Darres dagbok
Den 29. mars startet Lars Larsen Forseth og Darre på reisa over Dovre, og ni dager seinere, Skjærtorsdag den 7. april var de framme på Eidsvoll. Av de totalt 112 representantene som møtte var 56 embedsmenn, 5 store brukseiere, 14 kjøpmenn og 37 bønder. Darre skriver:
Fredag den 8de April vare samtlige Debuterede ankommet og anviste af Inqvarteringsforstanderen deres Herberger paa de omliggende Gaarde, 1/4, 1/2 til 1 Miils Distance fra Forsamlingsstedet, Eidsvolds Værk og Kammerherre Carsten Ankers Gaard. Garden Heiret blev søndre Trondhjems Amt Deputerende anviist, omtrent 1/2 Miil fra Værket, efterat man havde protesteret imod det ved Ankomsten den 7de anviste Qvarter paa Gaarden Gruve, paa østre Siden af Vomen, 1 Miil fra det daglige Forsamlingssted, hvortil Veien var næsten ufremkommelig og Herberget usundt og elendigt. Fra det gruelige Grue drogevi bort den 8de til ovenmelde Gaard, hvor vi forfandt smukke Værelser, anstendig Leie, blide Folk og god Opvartning hos Bondemanden Hans Iversen Heiret. | ||
Gravsted
Jacob Hersleb Darre ble gravlagt rett øst for sakristiet i Klæbu kirke. nær gravene som andre sokneprester der. Flere andre fra slekta Darre er også gravlagt i grav nr. 2-A-1 og 2-A-2:
- Louise Caroline Darre (1773–1860), Jacob Hersleb Darres kone.
- Elisabeth Kristine Steenbuch (1769–1844), Louise Caroline Darres søster.
- Anne Sylvia Steenbuch (1767–1858), Luise Caroline Darres søster.
- Bispinne Ida Wilhelmine Darre (1811–1849), Jacob Hersleb Darres svigerdatter.
- Anne Margrethe Darre (1795–1873), Jacob Hersleb og Louise Caroline Darres datter.
- Hans Steenbuch Darre (1797–1797), Jacob Hersleb og Louise Caroline Darres sønn.
- Jørgen Darre (1798–1798), Jacob Hersleb og Louise Caroline Darres sønn.
- Ida Wilhelmine Darre (1849–1849), bispinne Ida Wilhelmine Darres datter, Jacob Hersleb Darres sønnedatter.
Kjelder og litteratur
- Bratberg, Terje: Artikkel om Darre i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve
- Darre, Jacob H.: Dagbok frå Eidsvoll, ved Chr. Thaulow i Historisk tidsskrift bd. IV, Kristiania 1877.
- Koht, H. og Schnitler C.W. m.fl. (red.): Eidsvold 1814, Kristiania 1914.
- Koht, Halvdan: Artikkel om Darre i Norsk biografisk leksikon (1926).
Eksterne lenkjer
- Jacob Hersleb Darre i Historisk befolkningsregister.
- Tulluan, Ola. Klæbuboka. II : Gårds- og slektshistorie. Utg. [Klæbu kommune]. 2009. Digital versjon på Nettbiblioteket.