Ole Elias Holck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
O.E.Holck. Maleri frå 1896 av H.Balling «efter et Profilklip og Beskrivelse»
Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær i krigane 1808 og 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk, i pakt med samtidas embetsmannsideal om å verke som foregangsmenn i jordbruket.
Silhuetten som ovanståande maleri byggjer på. Ukjent kunstnar.

Familie og oppvekst

Han var fødd på garden Leirvik (gnr. 99) i Hyllestad.[1] Foreldra var Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) og Martha Margrete Midelfart Tostrup (1748-1838). Faren var offiser, og hadde overteke Leirvik etter broren i 1768. Frå året etter til han gjekk av med pensjon i 1786, var Hans Henrik H. Holck kaptein og sjef for Vestre ytre sognske kompani.

Ole Elias var den tredje i ein syskenflokk på i alt 14 born, men fleire av syskena døydde som barn. Ole Elias har truleg budd ein del heime på Leirvik medan han som ung offiser var tilsett ved avdelingar i distriktet. Iallfall er han registrert der i folketeljinga 1801.[2]

Han gifta seg 18. august 1812 med Karen Sophie Hansen (1786–1873). Ho var dotter til fut i Sogn Simon Hansen (1740–1805) og Christine Finde Harberg (1747–1835). Ekteparet Holck overtok farsgarden hennar, Alværa (Alvera, Alvern, Alværn) i Lavik. Dei fekk tre born. Dottera Christine Finde Holck og hennar ektemann kaptein Peder Fridrik Hartvik overtok garden frå mor hennar i 1855.

Militær karriere

Som smågut vart Ole Elias send til Bergen der han fekk utdanning og militær opplæring hjå major Niels Todal.[3] Han gjorde fyrste befalstenesta si som sersjant ved Ytre sognske kompani av 1. Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment (farens kompani), truleg som 14-15-åring frå 1788/89. Han tenestegjorde ved avdelingar på Vestlandet heile si yrkeskarriere, berre avbrote av tre års teneste i Holstein og Danmark i krigstida 1807-1810, og i feltteneste på Austlandet i 1814. Hans militære avansement kan elles oppsummerast slik:

  • 1789: Fenrik a la suite (i påvente av stilling) ved Bergenhusiske regiment (1. og 2 Bergenhusiske slegne saman frå 1. mai det året).
  • 1790: Karakterisert sekondløytnant (grad, men ikkje i tilsvarande stilling).
  • 1794: Verkeleg fenrik ved regimentets 2. gevorbne grenaderkompani 1794.
  • 1797: Verkeleg sekondløytnant ved Sogndalske kompani.
  • 1799: Tilbake til 2. gev. gren.kp.
  • 1800: Karakterisert5 premierløytnant.
  • 1801: Verkeleg premierløytnant ved Nordre Nordhordlenske kompani.
  • 1802: Til Ytre sognske kompani.
Da England gjekk til åtak på Danmark midt i august i 1807, sende kronsprins Frederik Holck som kurer til Noreg med melding om krigsutbrotet til prins Christian August, kommanderande general i Noreg. Holck starta frå Kiel 17. august, og nådde tak i prinsen nær Christiania etter ei dryg vekes strabasiøs ferd. Kronprins Frederik løna løytnant Holck med 50 riksdalar for dette, og befalte han til teneste ved sitt regiment.[4]
  • 1808: Stabskaptein ved Kronens regiment i København.
  • 1808-1809: I teneste som adjutant ved major Cardoffs divisjon i København under krigen.
  • 1809: Kaptein ved Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment og sjef for Søndre sunnfjordske kompani. Han var framleis ei tid i Danmark.
  • 1810: Sjef for Ytre sognske kompani.
  • 1814: I teneste ved ein av dei to bergenhusiske feltbataljonane som låg i Østfold da meldinga om Kielfreden kom. Han tenestegjorde også i dei traktene under krigen mot Sverige juli-august, etter at han hadde delteke i Riksforsamlinga på Eidsvoll.
  • 1815: Major og sjef for Sognske bataljon.
  • 1818: Oberstløytnant (karakterisert?) og «bestyrer» av Sunnfjordske nasjonale musketerkorps av Bergenske infanteribrigade.
  • 1819: Verkeleg oberstløytnant og sjef for korpset.
  • 1828: Oberst.
  • 1834: Generaladjutant. («Adjutant» var eigentleg ikkje ein grad, men ei stilling. I dette tilfelle var det likevel helst ein honorær tittel mellom oberst og generalmajor. Så vidt vi veit, tenestegjorde ikkje Holck i stilling som generaladjutant. På denne tida var Generaladjutanten for den norske armeen den som hadde kommandoen over den norske hærmakta på vegne av øvstkommanderande (statthaldaren/Kongen).)
  • 1841: Avskil etter eige ønske.

Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt?

Holck og hans avdeling gjorde eid til sjølvstendet i Skiptvet kyrkje den 25. februar.[5] Tre dagar etter vart han vald til å representere regimentet ved Riksforsamlinga saman med menig musketer Niels Johannesen Loftesnæs.

Då dei møtte fram på Eidsvoll, viste det seg at to avdelingar i Bergenhusiske infanteriregiment hadde valt representantar. Holck og Loftesnæs var valde frå 1. og 2. feltbataljon ved grensa medan oberstløytnant Otto Synnestvedt og landvernsoldat Sjur Horvig vart valde frå depotbataljonen som låg i Bergen. Dei var òg komne til Eidsvoll, difor vart det «efter høyere Ordre trukket Lod» om kven som skulle representere regimentet, og loddtrekkinga fekk det utfallet at Holck og Loftesnæs vart eidsvollsmenn. Synnestvedt og Horvig fekk likevel dekt reiseutgiftene sine.[6]

Holck var aktiv i Riksforsamlinga med standpunkt for sjølvstendelinja. Under debatten om fyrste grunnsetninga for grunnlova den 16. april, fremja Holck det forslaget som skapte den fyrste tydelege delinga mellom Sjølvstendepartiet og Unionspartiet. Til Falsens formulering om at Noreg skulle vere eit innskrenka og arveleg monarki, fekk Holck fleirtal for tillegget om at rikets regent skulle heite konge. Dette vart tolka som at rikssjølvstendet dermed var fastslått.

Han deltok aktivt i fleire debattar. Som dei fleste andre offiserane på Eidsvoll gjekk Holck sterkt inn for allmenn verneplikt. Særleg sterkt markerte han seg som forsvarar av odelsretten. Han hadde ei tydeleg nasjonaldemokratisk grunngjeving for dette standpunktet.[7] Jamført med bønder i mange andre land var den norske bonden prega mellom anna av «mere følelse for Frihed, og større Kjerlighed til Fædrenelandet». Holck meinte at desse eigenskapane botna i «Landets borgerlige Indretninger der sikre Bonden sit Værd, som fri Statsborger». Odelsretten utgjorde ein viktig del av desse «innretningane», og må behaldast, da bonden ikkje kan vere fri statsborgar der «Herremænd, Forvaltere, Ladefogder etc, dagligen lade ham see og føle deres private Vælde over ham». Dette fell godt saman med Holcks klåre standpunkt mot adel og standsprivileg (trass i at han sjølv tilhøyrde ei adelsslekt). Han er openbert klar over odelsrettens preg av standsprivilegium, men forsvarar den likevel av di den sikra bøndenes rett «uden at gjøre et altfor voldsomt Indgreb i Eiendomsrettene».
Bautastein over O.E. Holck reist i Alværa i samband med grunnlovsmarkeringa i 1914.
Foto: Atle Råsberg

Holcks nasjonaldemokratiske synsmåtar let seg vanskelegare foreine med det standpunktet han etter seiande hadde til styreforma i den nye staten. I følgje historikaren Knut Mykland utarbeidde Holck eit grunnlovsutkast etter at han var vald av regimentet sitt. Der gjekk han inn for kongeleg einevaldsmakt.[8] Han skal så ha sendt dette på høyring til dei andre offiserane i regimentet, med oppmoding om å seie frå dersom dei ikkje delte hans syn. Det framgår av dagboka til Holck under 3. mars 1814 at han hadde vendt seg til «mine samtlige Herrer Regimentskammerater» vedrørande hans oppdrag på Eidsvoll, men det framgår ikkje noko saksstandpunkt der. Berre ein av offiserane, kaptein (Peter Nicolai) Aarestrup, gav uttrykk for usemje, skriv Mykland. I følgje same historikar skreiv Holck ei tale til riksforsamlinga der også konklusjonen var at eineveldet var den gunstigaste styreforma. Men talen vart ikkje halden, og det framgår ikkje av riksforsamlinga sine forhandlingar at Holck faktisk gjekk inn for ei anna statsform enn det som vart vedteken. Opplysningar om dette skal i følgje Mykland finnast i «Holcks arkiv», men kan ikkje sjåast å inngå i arkivmaterialet i privatarkiva etter Holck korkje i Riksarkivet eller ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane .

Stortingsmann

Holck representerte Nordre Bergenhus amt på stortinga 1818, 1824 og igjen i 1839. Han var varamann til stortinga 1815-1816 og i 1836. I 1818 var han medlem av Lagtinget og i 12 komitear, derunder komiteane for bank- og pengevesenet og for embetsgardsspørsmålet. Han var dessutan medlem av Stortingets deputasjon til kroningsseremonien i Stockholm da Karl Johan steig på trona i 1818. I 1824 var Holck mellom mykje anna medlem i militærkomiteen. Halvdan Koht meiner at Holck ikkje spela noko framståande rolle på stortinga, men at han ikkje uventa viste størst interessert for hærordningsspørsmålet, der han gjekk sterkt inn for å verkeleggjere den allmenne verneplikta som var vedteken som prinsipp i grunnlova.

Gardbrukar

Holck var en ivrig og interessert gardbrukar på Alværa. Mellom anna laga han eit godt planlagt grøftingssystem der. Det heiter seg at han gjerne tok del i det fysiske arbeidet på garden når det høvde slik. Frå hans brukartid er det oppgjeve at garden hadde ein buskap på 2 hestar, 16 kyr, 7 ungfe, 50 sauer og 30 geiter. Jorda gav ei avling på 40 tønner korn og 35 tønner poteter. Det vil seie at det var ein stor gard i vestlandsk målestokk.

Han engasjerte seg i den lokale utvikling og velferd, noko som mellom anna viste seg ved at han i 1830-åra var han formann i Lavik sokneselskap.[9]

Kulturvernarbeid

I likskap med den samtidige kaptein og proprietær på Kroken lenger inn i Sognefjorden, Gerhard Munthe, og med mange andre av sine offiserskollegaer på denne tida, synte Holck stor interesse for historie og fortidsminne. Han skreiv mellom anna ei lita avhandling om Gulatinget i Budstikken 1824. Da Bergens Museum opna i 1825, gav han til museet ei samling diplom, våpen og andre oldsaker. Frå 1834 var han medarbeidar i det nystarta antikvariske/arkeologiske tidsskriftet Urda. På denne tida (1834-1835) utarbeidde han også ei topografisk avhandling om Lavik prestegjeld, som fyrst vart trykt i Tidsskrift for historielaget for Sogn i 1968.


Kjelder og litteratur

  • Riksarkivet, 5. departement, stykke 14 Regninger fra Riksforsamlingens deputerede, Promemoria frå Bergenhusiske infanteriregiment 6.8.1814. (Digitalarkivet)
  • Riksarkivet, Statsrådssekretariatet, fullmakter til Eidsvollsrepresentantane, Bergenhusiske infanteriregiment, 1. og 2. feltbataljon. (Digitalarkivet)
  • Fure, Eli: Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til. Dreyer 1989.
  • Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i Sogeskrift frå Hyllestad 2011.
  • Holck, Ole Elias: etterlatne papir. Riksarkivet: Privatarkiv nr. 204. (Deriblant dagbøker i 23 hefte 1798-1842, jf. nedanfor). Sogn og Fjordane fylkesarkiv: Privatarkiv SFF 88072. (Arkivet i Riksarkivet er undersøkt av H.P.Hosar 18.2.2014. Berre den detaljerte katalogen over materialet i Fylkesarkivet er gjennomgått i samband med denne wiki-artikkelen.)
  • Holck, Ole Elias: Dagbok, utdrag 1807 utg. av Jonas Jansen, Historisk tidsskrift bd. 36 (1952-1953) og for året 1814, utg. av Ludvig Daae i Historiske Samlinger, bd. 2. Den Norske Historiske Kildeskriftkommission, Christiania 1907. (Originalar i Riksarkivet, skanna og utlagt på Digitalarkivet.
  • Holck, Ole Elias: «Forsøg til en Beskrivelse over Ladvig Præstegield i Sogn Fogderie, Nordre Bergenhuus Amt», manus frå 1834-1835, trykt i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn nr. 22, 1968. Med merknader av Per Fett og skriftstyret.
  • Kelmer, Inger og Førsund, Finn B.: Hyllestad bygdebok. Soga om folket bd. 2. Hyllestad kommune 1993.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Holck i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Leirnes, Leif: «Alværa» i Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, bd. III Bygdesoge. 1978.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bind I, 1. del. Kristiania 1914.
  • Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i Sogeskrift frå Hyllestad, hefte 5 1987.
  • Mykland, Knut: Kampen om Norge 1784-1814. Norges historie bd. 9. Cappelen, Oslo 1980.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Utg. av bygdesogenemnda for Kyrkjebø. Bergen 1983.

Referansar

  1. Kellmer, I. og Førsund, F.B. 1993:495.
  2. Ole Elias Holk i folketeljinga 1801 for Eivindvik prestegjeld frå Digitalarkivet.
  3. Ovenstad, Hagen, J. 2011:41.
  4. Holcks dagbok, gjengitt av Jansen, J. 1952-1953.
  5. Holcks dagbok.
  6. RA, Regninger fra Riksforsamlingens deputerede, og Holcks dagbok 8. april. Oberstløytnant Otto Synnestvedt må ikkje blandast saman med oberst Torbjørn Ludvig Synnestvedt, regimentssjefen som og låg i Østfold.
  7. Sjå innlegget hans om odelsretten sitert hjå Fure, E. 1989:241-243
  8. Mykland, K. 1980:331-332.
  9. Liste over Holcks privatarkiv ved Sogn og Fjordane fylkesarkiv (SSF 88072).

Eksterne lenkjer