Peter Flor

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Peter Flor 1842. Maleri av Mathias Stoltenberg.

Pierre Poumeau (Peter) Flor (fødd 25. september 1775 i Vestre Aker, nå Oslo kommune, død 8. april 1848 i Drammen) var offiser, jurist, publisist og politikar. Hans franske namn skuldast oppkalling etter general Pierre Poumeau i Christiania, men Flors førenamn har vanlegvis vore fornorska til Peter både i samtida og i ettertid. Flor vart kjend som ein radikalt liberal politikar, som i dei fyrste åra etter 1814 stod i fremste rekkje i motstanden mot Karl Johans forsøk på å endre grunnlova i monarkisk og unionsfremjande retning. Flor var sentral i «Den gamle opposisjonen» på stortinga 1818-1822. På stortinget 1821 vart denne opposisjonen omtala som Det Flor-Hoelske parti etter han og meiningsfellen Jacob Hoel.

Bakgrunn og familie

Peter Flor var son av auditør og regimentskvartermeister (og titulær generalkrigskommissær) Jens Lorentz Flor (1731-1806) og Maren Bolette Heegaard. Peter var fødd på garden Lilleaker i Vestre Aker. Om han voks opp der, er uvisst. Faren kjøpte seinare garden Haugbo i Asker og slo seg ned der med familien. Det er mogleg at Peter allereie flytta heimefrå på det tidspunktet. Mora Maren Bollette Heegaard døydde, og faren gifta seg opp att med Abel Margrethe Schnitler. I følgje Ovenstads militærbiografiar skal paret ha blitt separert etter berre eit par års barnlaust ekteskap.

I folketeljinga 1801 er Jens Lorentz Flor registrert på Haugoo, medan det ikkje har lykkast å oppspore Abel Margrethe Schnitler i teljinga. Heller ikkje Peter Flor sjølv har det lykkast oss å finne i folketeljinga 1801. Faren bur bur på Haugbo saman med tre døtre i alder 15-17 år, altså systrene til Peter. Det er også ei to år gammal dotterdotter av J.L.Flor i folketeljinga, utan at det framgår kven som er mora hennar. Dei tre systrene til Peter synest å vere for unge, så det er mogleg at Peter Flor hadde ei syster til, og for den del fleire sysken vi ikkje veit om.

Ved farens død i 1806 overtok Peter garden og dreiv den i nokre år. Han var ikkje gift.

Militærteneste

Allereie som 14-åring i 1789 vart Peter Flor utnemnd til fenrik a la suite (ikkje i aktiv teneste) ved 2. Akershusiske infanteriregiment, der faren var tenestegjerande. Peter fekk sekondløytnants grad året etter. Det er ikkje bringa på det reine om han hadde gått Krigsskolen eller oppnådd offisersgrad på anna vis. Etter at han hadde teke dansk juridisk eksamen i 1792 og auditøreksamen 1793, vart han konstituert som assistent for faren i justisforretningar ved regimentet. Han vart «virkelig» fenrik ved 2. Akershusiske infanteriregiments 2. gevorbne grenaderkompani i 1797, og verkeleg sekondløytnant ved regimentets nasjonale Vestre Laurvigske kompani i 1799, men søkte på grunn av sjukdom avskil allereie året etter med 72 riksdalar årleg i pensjon. Han sa frå seg pensjonen frå 1. januar 1812, da han under krigen mot England igjen gjekk i aktiv militærteneste som divisjonssjef ved kystvernet. For den innsatsen fekk han ærestittelen krigsråd, som han seinare (1833) sa frå seg.

Gardbrukar og landbruksekspert

Frå 1806 til 1811 var Flor gardbrukar på Haugbo gard. Han var næraste grannen til prestegarden, der den kjende opplysningspresten, seinare biskop i Bergen Jacob Neumann residerte på den tida. Neuman redigerte publikasjonen Norske Landvæsens-Samlinger, og Flor leverte fleire jordbruksreformatoriske avhandlingar her. Flor vart som Neuman trekt inn i arbeid for Selskapet for Norges Vel. Selskapet sende i 1810 Flor ut på ei granskingsreise til Jæren for å undersøkje korleis denne regionen kunne utvikle seg. Rapporten vart trykt i Selskapets Thopographisk-statistiske Samlinger.

Samfunnsdebattant og redaktør

Pengenedskrivinga i 1813 og vanskelege år etterpå gjorde at Peter Flor mista det meste av den medelen han hadde arva etter faren. Seinast i 1816 hadde han slege seg ned i Drammen. Der starta han i november det året Drammens Tidende saman med sokneprest Søren Tybring, og var medredaktør der til i mai 1817. I den avisa byrja han å fremje sine opposisjonelle synsmåtar i politikken.

Eit anna viktig organ som han nytta seg av var Nationalbladet (starta 1815), som vart rekna som talerøyr for den stortingsopposisjonen som Flor stod i spissen for.[1] Han publiserte sidan mykje i mange aviser og blad, og var tidvis medarbeidar og redaktør i fleire av dei. Det galdt Ludvig Mariboes Patrouillen, som han arbeidde for medan den ei tid kom ut i Drammen (ca. 1824), han var medredaktør i Folkebladet som kom ut i Kristiania 1831-1833 og ein periode også i Statsborgeren. Flor budde i Christiania heile 1830-talet. Da han igjen flytta til Drammen, vart har i åra 1840-1842 redaktør av Drammens Adresse.

Flor hadde eit heilskapleg ideologisk og politisk grunnsyn, påverka mellom anna av den britiske sosialfilosofen Jeremy Bentham (1748-1832), utilitarismens far. Benthams grunnsyn var at «størst mogleg lykke for flest mogleg er målestokken for rett og gale». På Bentham baserte Flor sin argumentasjon for det som må kallast eit parlamentarisk system, der lovgjevings- og løyvingsmakta er overordna – ikkje jamstilt – med dei utøvande organa. Han omsette og gav i 1821 ut eit skrift av Bentham som dreia seg slike problemstillingar, Tactik eller Theorie for raadslaaende Folkeforsamlingers Forretninger[2] Flor ville også svekke sentralmakta i det store og heile og gjekk inn for eit utstrakt kommunalt sjølvstyre. Han ville avskaffe ei rekkje statlege embete. Det blir nemnt fleire stader at han «seinare» gjekk inn for allmenn røysterett, men dei kjeldene vi har gjennomgått gjev ikkje svar på om dette galdt i nasjonalt nivå eller berre i kommunal samanheng, og heller ikkje om han var inne på tanken om kvinneleg røysterett.[3]

Stortingspolitikaren

Peter Flor var stortingsrepresentant for Drammen på stortinga i 1818 og i 1821 og på omframstortinget 1822 (kalla «omfram» av di det kom saman til ei anna tid enn grunnlova føresette). Han vart ein av dei førande for ein koalisjon av opposisjonelle kjøpmenn og bønder blant reprentantane, der andre framståande namn var bonden Hans Barlien (Nord-Trøndelag), proprietæren og offiseren Jacob Hoel (Hedmark), kjøpmann Isaach Isaachsen (Kristiansand) og Flors vener og medrepresentantar frå Drammen kjøpmann Elling Holst og Nicolai Schejtli. På stortinget 1821 var dei ca. 20 reprentantane som høyrde til gruppa, såpass fast samansveisa at dei vart omtala som Det Flor-Hoelske Parti. Dei møttest for rådslagningar også utanom stortingsmøta.

Av forslag som Flor fremja på tinget 1818 kan nemnast at regjeringa skulle vere pålagd å avleggje fullstendig statsrekneskap. Det fall i fyrste omgang, men vart bestemmande for den framtidige ordninga. Han fremja det for Karl Johan provoserande grunnlovsforslaget om å avskaffe statthaldarposten. Flor ville med ein gong (ved vanleg lovframlegg) nekte statthaldaren adgang til å vere øvste styrar for universitetet (universitetskanslar) og ikkje minst øvstkommanderande for dei norske militære styrkar, viktige postar som kongen hadde fått pressa gjennom skulle liggje til den svenske statthaldaren i oppgjeret etter 1814. Ikkje noko av Flors framlegg på desse punkta gjekk rett nok gjennom. Han fremja eit heilt nasjonalt program på saker som kongens tittel og insigniar, ordning av utanriksstellet med meir, også dette skote ut i framtida. Dette var delvis formulert saman med Jonas Anton Hielm.

Dei to store sakene på stortinget 1821 og omframstortinget 1822 var adelslova og statsgjeldoppgjeret med Danmark. I båe sakene var Flor ordførande for opposisjoenen. Opposisjonen tapte i sin kamp mot å godta nokon del av det dei rekna som eintydig dansk statsgjeld. Men dei vann fram med å fremje adelslova mot kongens veto. Denne striden pågjekk til dels under dramatiske tilhøve der Karl Johan samla svenske troppar ved Christiania («Lystleiren på Etterstad»), og faktisk vurderte statskupp.

Karl Johan fekk gjeve Flor ein takk for sist etter stortingssesjonen 1821. Flor søkte nemleg om sakførarløyve. Regjeringa innstilte på dette, men kongen nekta sanksjon.

Valet til stortinget 1824 frå Drammen vart ei turbulent affære, der enden på visa vart at korkje Flor eller meiningsfellen Elling Holst eller deira motkandifdatar vart godkjende som lovleg valde, slik at Drammen vart utan representantar på det årets storting. Flor stilte ikkje til val som representant, men kom mange år sinare, 1842, inn som vara.

Referansar

  1. Bergsgård, A. 1975:82.
  2. Faksimile av framsida på skriftet, Stortingets 1905-nettstad
  3. Jf. f.eks. Koht, H. 1929:181.

Kjelder og litteratur

  • Bergsgård, Arne: Norsk historie 1814-1880. Det norske samlaget 1975 (fyrste utgåve 1964).
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Peter Flor i Norsk biografisk leksikon (1929).
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880 (Halvorsen) 2. bd., Kristiania 1888.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. Digital versjon
  • Seip, J.A.: Utsikt over Norges historie. Bind 1: Tidsrommet 1814-ca. 1860. Gyldendal, Oslo 1974.
  • Skjæveland, Yngve: Artikkel om Pierre Flor i Norsk biografisk leksikon.
  • Torgersen, Halvard: Asker. Bidrag til bygdas gårdshistorie. 2. utg. Grøndahl & Søn, Oslo 1941.