Volda kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda kyrkje
Voldskyrkja FAKf-0330.00018.jpg
Voldskyrkja 1950-52.
Foto: Johan J. Nerbøvik
Alt. namn: Voldskyrkja
Stad: Volda
Byggeår: 1932
Kyrkjegard: Rundt kyrkja
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre
Prosti: Søre Sunnmøre
Prestegjeld: Volda
Fellesråd: Volda
Sokn: Volda
Arkitekt: Arnstein Arneberg
Teknikk: mur
Materiale: murstein
Tårn: ja
Orgel: 1863: orgelpositiv skifta ut i 1873 (gåve frå banken). 2012: Kororgel
Sitteplassar: 800
Anna informasjon: Tredje kyrkja på staden sidan omlag 1200. Den førre brann natt til 7. april 1929.

Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.

Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning.

Kunstmålaren Hugo Lous Mohr, som hadde budd fleire år i Volda, planla saman med Arneberg utsmykkinga av den nye kyrkja. Austveggen i koret - altarveggen - utgjer sjølve altartavla. Den er måla på fersk puss med den oppstadne Kristus som hovudmotiv og scener frå Jesu liv på sidene, og vart avduka før jul i 1932. Koret, langveggane og tverrbjelkane er òg rikt utsmykka.

Arbeidet med tomta tok til i juni 1930 og allereie i desember same året var råbygget ferdig. Innreiingsarbeidet gjekk føre seg i 1931 fram til kyrkja vart vigsla 1. mai 1932.

Takkebrev frå Arnstein Arneberg til Volda kyrkjelyd datert 24. januar 1933.

Kyrkja har ei stor kyrkjeklokke på rundt 1100 kg frå Olsen Nauen klokkestøperi i Tønsberg, levert til åpninga. Klokka vart gitt namnet «Fred».

Den eldste kyrkja i Volda stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at Volda voks fram som eit bygdesentrum.

Orgel og organistar

I 1863 fekk Voldskyrkja eit orgelpositiv, og ti år seinare gav banken kyrkja eit nytt orgel. I 2009 vart eit nytt, 48 år gamalt, kororgel vigsla. Det er plassert fremst til venstre i kyrkja.[1]

Jakob Kobberstad var organist frå 1863, i veka arbeidde han som lærar ved Voldens høiere Almueskole og Dannelsesanstalt. Seinare organistar har vore Ragnar Aske (frå 1957, og minst til 2015), og i 2018 er Bert Handrick kantor.

Galleri

Referanser

  1. Aarset 2015.
    Sunnmørsposten 2009/2012.

Kjelder

Eksterne lenker


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Volda kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.145713° N 6.067446° Ø