Norvald Dahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norvald Dahl: dør til Akershus slottskirke.
Foto: Arnt Magne Haugen/Forsvarsbygg

Norvald Dahl (1897-1966) etablerte seg med eiga smie i Volda. Han var sjølvlærd som smed, men hadde nok plukka med seg verdfull lærdom frå fleire av smiene i bygdebyen. Dahl utførde dei smedoppgåver som var vanlege i ein tettstad med jordbruksoppland og litt fiske. Han vart etter kvart mykje brukt til boring og sliping av bilmotorar, og til tenester for mekaniske verksemder i bygda. Men mest kjend var han for å vere ein uvanleg dyktig finsmed med ein stor produksjon av saker som krev eit slikt handlag. Dahl var også kjend for å vere uvanleg nøyaktig og i alt sitt arbeid.

Dahl som finsmed

Heilt frå den første tida som smed viste Dahl interesse for også å arbeide med finare bruksgjenstandar og pynteting. Dette var nok i ei tid med stor etterspørsel etter smijarnsarbeid, og det møtte Dahl sine evner som finsmed.

Norvald Dahl: lysekrone i Volda kyrkje. Teikna av Arnstein Arneberg.
Foto: Arild Andenes/Volda kyrkje

Stålamper i smijarn var ein stor produksjon. Likeeins lampettar i ulik utføring. Lysekroner laga han også mange av. Mykje av dette var bestillingsarbeid som vart utforma etter ønskje frå dei som bestilte. Slike ønskje var Dahl svært open for. Dahl laga elles ulike ting til pynt og til bruk i huset. Han var uvaneg flink til å utforme gjenstandar etter ønske hos bestillar. Det blir også fortalt om små leikesaker for barn. Til og med instrument til symfoniorkesteret ved Volda lærarskule: trianglar og bjøller. Større gjenstandar kunne også krevje ein finsmed, - som spesielt fint utforma portar, innsatsar i peisar tilpassa den stova der peisen var, og andre ting.

Norvald Dahl og arkitekt Arnstein Arneberg

Volda kyrkje, som vart innvigd i 1932, hadde Arnstein Arneberg som arkitekt. Arneberg, saman med malaren Hugo Lous Mohr, laga detaljerte føringar for utsmykkinga i kyrkja. For utføringa engasjerte dei habile personar frå lokalmiljøet. Norvald Dahl var ein av desse. Dahl hadde alt markert seg som finsmeden i bygda, og han fekk ansvar for smijarnsarbeidet i kyrkja, saman med smedane Britanus Humberset og Otto Brænde. Dei tre smedane delte på arbeidet med dei 18 lysekronene i kyrkja. Dahl hadde elles ansvaret for portalane over inngangsdøra og oppgangane til galleriet. Likeeins for spir og verhanar på tårnet og for portane inn til kyrkjegarden.

Samtidig som Arnstein Arneberg arbeidde med Volda kyrkje, var han arkitekt for hovudbygningen på Skaugum. Denne stor ferdig i 1932. Arneberg må ha vore godt fornøgd med Dahl sitt arbeid i Volda. Han engasjerte Dahl til å lage lysekroner til Skaugum, den nye heimen for kronprinsparet. Arneberg hadde også ansvaret for eit restaureringsarbeid ved Akershus slottskirke. Også her blei Dahl engasjert, til å lage hoveddøra til kyrkja.

Andre interesser

Ved sida av å vere smed, var Norvald Dahl kjend som ein habil violinist, som hadde sin faste plass i Voldas symfoniorkester. Han laga også slåttar og melodiar, og skreiv også dikt. Dahl må ha hatt rike skapande evner på mange felt. Ikkje bare som finsmed, som er fokuset her. I dag, og i framtida, vil lysekronene og anna finsmedarbeid i Volda kyrkje vere varige minne om Norvald Dahl.

Kjelder

  • Samtale med Torbjørn Strand (f.1925)
  • Samtale med Randi Lied (f. 1929)
  • Samtale med Ivar Helge Hamsaas (f.1943)
  • Kjelland, Arnfinn (hovudred.): Busetnadssoga for Volda 4a, Volda 2012
  • Nerbøvik, Jostein: Løyndom og røyndom. Volda 2001
  • Aarflot, Vebjørn/Ørstavik, Ragnar: Volda kyrkje 1932 – 1982. Volda 1982
  • Referat frå gravferd. Møre 08.08.1966


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Norvald Dahl er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.