John Moses d.y.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Moses. Etter miniatyr.

John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der.

På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga.

Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv.

Bakgrunn og familie

John Moses kom frå ein britisk familie som opphavleg hadde slege seg ned i Kristiansund på 1740-talet, og som hadde gått i bresjen for å byggje opp byen som kjøpstad med storstila klippfiskproduksjon og -eksport som viktigaste grunnlag. Den fyrste Moses i Kristiansund var John Moses d.e., grandonkelen til den yngre med det same namnet.

Faren til John Moses d.y., kjøpmann Isaac Moses (1738-1807), var fødd i Cumberland, England. Han kom til Kristiansund i 1768 og gifta seg i 1780 med Karen Barbara Thode (1760-1781), fødd og oppvaksen i Kristiansund. Ho døydde i barselseng da John vart fødd, allereie året etter bryllaupet. Faren gifta seg på nytt i 1788 med Anna Bolette Tvedt (1769-?), også ho frå byen. John fekk sju halvsøsken fødde i tidsrommet 1789-1804.

I 1801 fekk den 19-20 år gamle John Moses eit barn med Anne Sophie Christiansen, kjøpmannsdotter frå same byen, utan at dei var gifte. Det vart sjølvsagt ein offentleg skandale, og det vart etter mykje om og men inngått avtale om erstatning til Anne Sophie og forsytingsbidrag til sonen.

John Moses gifta seg 22. februar 1804 i Kristiansund med Anna Holck Tordenskiold (1782-1854). Ho var også oppvaksen i Kristiansund, i det som seinare vart heitande Lossius-gården på Innlandet. Ho var dotter av krigskommissær Johan Christopher Wessel Tordenskiold (1727-1793) og Christine Bruun Kaasbøl. Krigskommissæren var nevø av sjøhelten Peter Wessel Tordenskiold, og vart adla i 1761 med onkelen sitt adelege familienamn.

John Moses og kona fekk fem born, alle fødde i Kristiansund. Ekteskapet vart oppløyst i 1820. Han skal seinare ha gifta seg igjen i England, men sikre opplysningar om dette vantar.

Jødisk herkomst?

Familienamnet Moses og bruk av Isaach og Samuel som førenamn i slekta har gjort at ein har knytta familien til ein jødisk bakgrunn. Oskar Mendelsohn tek opp dette i ein fotnote til Jødenes historie i Norge [1]), og konkluderer med at ingen sikre opplysningar ligg føre om dette. Historikaren Arne Odd Johnsen skriv i Kristiansunds historie at det i byen i Moses’ samtid vart «antydet» at familien var jødisk, og Johnsen reknar sjølv dette som sannsynleg. Mot dette kan seiast at det iallfall gjev lita meining å kategorisere John Moses som jøde i noko rimeleg tyding av ordet, bortsett frå at det kan ha vore folk av jødisk tru bakover i slekta, kanskje såkalla portugisarjødar i England eller andre stader. I alle høve var mor til John Moses etnisk norsk, han gifta seg sjølv med ei ikkje-jødisk kvinne, og familien sokna til den norske statskyrkja. Eine sonen vart prest og prost i Øvre Telemark prosti.[2] John vart rett nok seint konfirmert, noko som hadde samanheng med at han budde England i den aktuelle alderen. I samband med farskapssaka vart det nødvendig å ordne opp i dette, og tjueåringen vart på diskret vis konfirmert av presten på Grip, eit fiskevær som var i familien Moses’ eige.

Spørsmålet om den jødiske herkomsten kan ha spela inn i vurderinga av familien generelt og John Moses spesielt, i samtid og ettertid. Da Wilhelm F.K. Christie på Eidsvoll den 4. mai 1814 gjekk inn for utestenging av jødar, må situasjonen i følgje A.O. Johnsen ha vore «pikant».[3] Dei to var båe kjøpmannssøner frå Kristiansund og kjende heilt sikkert godt til kvarandre på førehand, sjølv om Christie hadde flytta frå byen som ung gut for å gå latinskulen i Bergen. Moses røysta mot grunnlovsframlegget som Christie hadde formulert, og som innskrenka religionsfridomen i monaleg grad.

I artikkelen om Moses i Norsk biografisk leksikon (1940) blir han tillagd eigenskapar – positive og/eller negative – som samsvara godt med antisemittiske klisjear i tida. Moses blir til dømes skildra som «noget kosmopolitisk innstilt», «ikke besjelet av en tillitsfull patriotisme» og «M.s holdning på Eidsvoll [var] vesentlig diktert av forretningsinteresser». Han var ein eminent forretningsmann som ikkje minst «hadde det som fisken i vannet under licenstidens innviklede handelsforhold». Artikkelen er skriven av A.O. Johnsen, men i denne artikkelen er vel å merke ikkje det jødiske eksplisitt nemnt.

Forretningsmannen

12-skillingseddel trykt av John Moses d.y. i 1810. Slike lokale sedlar var gyldig valuta fram til forbodet av 24. mars 1811.

John Moses fekk skulegang i England 1794-1799 og opplæring i handelsfaget i handelshuset til grandonkelen (John Moses d.e.), som hadde flytta tilbake til heimlandet. Det var denne grandonkelen som hadde starta familiefirmaet i Kristiansund ved å gå inn i John Ramsays klippfiskkompani rundt 1745. Da John d.e. drog attende til England, overtok nevøen Isaach, far til John d.y., denne verksemda. Men John d.y. gjekk ikkje inn i firmaet til farens og grandonkelen, men starta si eiga verksemd og fekk borgarskap i Kristiansund frå 1802.

Han gjorde stor suksess med si handels- og skipsreiarverksemd med fundament i klippfisk- og trelasteksport, og med import særleg av luksusvarer som tobakk, brennevin, vin og kaffe. Han åtte i 1815 ein tredel av Kristiansunds betydelege handelsflåte. Han manøvrerte kommersielt meisterleg i dei turbulente og yttarst innfløkte handelstilhøva under napoleonskrigane. For eksempel løyste han i 1810 handelsborgarskap i Kungälv, Bohuslen, noko som gav fleksibilitet og større handlingsrom i handels- og skipsfartsverksemda. Han hadde borgarskapet sitt i Sverige til 4. mars 1814.[4]

Eidsvoll 1814

Frå fyrste dag på Eidsvoll tona Moses flagg i spørsmålet om konstitusjonen og det nasjonale spørsmålet. Ved overleveringa av adressa frå valkrinsen den 10. april, heldt han ein tale til regenten Christian Fredrik. Der seier han mellom anna følgjande:

«Jeg har ogsaa at takke for den høymodige Resignation De har vist ved at give Nationen Leilighed at vælge en paa Erfaring grundet viis Fordeling af Magten mellem Folk og Regent, en Grundlov, der forenet med beskedne Meningers Presfrihed, aldrig svigter at opretholde Statens udvortes Anseelse og indbyrdes Kraft og Held. En Washingtons sammenlignet med en Napoleons Exempel, Engellands og fleres med Danmarks Statsforvaltning og Maximer ere tydelige Beviser for denne Sandhed, og en kostelig Lærdom for alle Regentere og Regiæringsformer.»[5]

Gjennom den tidstypiske kompliserte syntaksen les vi: Amerikansk og engelske statsskikk, med si fordeling av makta mellom folk og regent, og med rimeleg ytringsfridom, har synt seg overlegen Napoleons Frankrike og det danske eineveldet.

Etter 1814

Etterkrigskrisa frå 1815 førde etter kvart til at det gjekk ut for Moses som for mange andre store handelshus, for hans del med konkurs i 1818. Buoppgjeret varte heilt fram til 1824. Moses heldt det gåande ei tid som stadleg representant i Kristiansund og Trondheim for britiske handelshus, og budde desse åra vekselsvis i London, Kristiansund og Trondheim. Han flytta snart til England på permanent basis, og byrja som skipsmeklar, forhandlar av skipsutstyr og anna i Limehouse i nærleiken av London.

Han døydde i Limehouse, og vart gravlagd på St. Anne's kyrkjegard der. Ifølgje ei melding frå Riksarkivet vart grava sletta i 1889, same året som kyrkjegarden vart nedlagd.[6]

Referansar

  1. Mendelsohn, O. 1987:31
  2. Schmidt, O. 1934:335
  3. Johnsen, A.O. 1958:746
  4. Williamsen, O.W. 2009:94
  5. Heile talen er gjengitt hjå Johnsen, A.O. 1958:744-745.
  6. Meddelelser fra det norske Rigsarchiv: 343.

Kjelder og litteratur