Flitabakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. apr. 2026 kl. 21:23 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flitabakken sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Flitabakken i i Midt-Telemark kommune er ein 115 meter lang blindveg i Flitafeltet i Breisås bustadområde som går sørover frå Oppheimvegen.

Vegen har namn etter den tidlegare garden Flita og blei namnsett i 2007. Busetnaden består av ni einebustader. Før 2007 hadde dei adresse til Oppheimvegen 7–23.

Flitafeltet blei sett i gang i 1966 som det fyrste bustadfeltet i Breisås bustadområde.

Eigedomar

Nr. Bilde Om eigedomen
1
Foto: Roy Olsen (2025).
Gnr. 51/53, (tomt 63)

Hus med 3 bueiningar.
Anund Myre fekk tomta på ca. 1 da ved festekontrakt i 1952, og sette opp huset i 1954. I 1956 kjøpte Einar Veirud huset, og han selde i 1958 til Bernt Brandt. Skjøte fra Bernt Brandt til Anders Uglem på husa i 1962.[1] Skjøte 1971 frå Eivind Eckbo på tomta til Anders Uglem.[2]
Tidlegare Oppheimvegen 7.

2
Foto: Roy Olsen (2025).
Gnr. 51/72, (tomt 73)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Lærar Andres O. Jørgedal (1908–1989), g. m. Åsne Igletveit frå Seljord, kjøpte tomta av Bø kommune i 1965[3] og bygde huset året etter.
Tidlegare Oppheimvegen 23.

3
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/55, (tomt 61)

Hus med 3 bueiningar.
Utskild frå bnr. 5 i 1963, heimla Eivind Eckbo jr. Skjøte 1965 frå Eckbo til Ruth Tjernsberg. Skjøte frå Ruth Tjernsberg 1966 til radioreparatør og ekspeditør hos Centrum Elektro, Hans Ernst Kinck (f. 1933), g. m. friserdame Gerd Nilsen fra Sandefjord.
Tidlegare Oppheimvegen 9.

4
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/131, (tomt 74)

Einebustad.
Utskilt fra bnr. 69 i 1968. Signe K. Haugen (1910–1992) kjøpte tomta av kommunen i 1970.
Tidlegare Oppheimvegen 21.

5
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/56, (tomt 60)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Jernbanearbeidar Halvor Klokkerstuen kjøpte først bnr. 59 av Eivind Eckbo jr. i 1965. Skjøtet ble overført til bnr. 56 i 1971. Huset sto ferdig i 1972.
Tidlegare Oppheimvegen 11.

6
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/71, (tomt 75)

Einebustad.
Jernbanearbeidar Olaf Andersen kjøpte tomta av kommunen i 1964 og bygde huset same året.
Tidlegare Oppheimvegen 19.

7
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/59, (tomt 56)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Tidlegare Oppheimvegen ??.

8
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/37, «Frydenlund»

Vertikaldelt tomannsbustad.
Dette er husestaden for Flita, bnr. 5. Eivind Eckbo jr. fekk skøyte på Flita i 1949, og frå 1950-åra blei eigedomen utlagd til tomter. Denne tomta, som fekk namnet Frydenlund er på ca. 2 da og blei kjøpt av Sønnøve Bakke, g. m. Aksel Bakke i 1964.
Som artigfakta kan ein nemne at naboeigedomen til Frydenlund, bnr. 38, fekk namnet «Ringnes».
Tidlegare Oppheimvegen 17.

9
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/38, «Ringnes»

Einebustad.
På denne tomta, og på nabotomta bnr. 37, lå tunet til garden Flita (bnr. 5). Tomta blei skild frå i 1957 og kjøpt av Bernt Brant. Da uthusapå Flita brann i 1959, bygde han hus på grunnmuren til uthusa. I 1978 selde han eigedomen til brukthandlar Johan Johansen (f. 1932), g. m. Frida Marije Johansen frå Sør-Aurdal.
Som artigfakta kan ein nemne at naboeigedomen til Ringnes, bnr. 37, fekk namnet «Frydenlund».
Tidlegare Oppheimvegen 15.

Sjå også

Kjelder og referansar

  • Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 085/07 21. august 2007
  • Kommunekart: Flitabakken
  • Kartverket, Eiendomsregisteret: Flitabakken
  • Henneseid, Stian. Bø-soga. Utg. Kommunen. 1982-1986?. 1982. Digital versjonNettbiblioteket s. 480–483 (Oppheinvegen)
  • Gamal grunnbok
  1. Grunnbokblad for festetomt nr. 1 under gnr. 51/5.
  2. Grunnbokblad for gnr. 51/53, tomt 63.
  3. Grunnbokblad for gnr. 51/72, tomt 73.


Koordinater: 59.40851° N 9.06878° Ø