Torgeir Vraa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesmerke, Torgeir Vraa, Gamle Kirkeplass i Drammen.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014)

Torgeir Olavson Vraa (1868-1934) var lærar, journalist og stortingspolitikar frå Hauggrend i Fyresdal kommune.

Familie og opphav

Olav Gjermundson Rui (fødd Tveiten) og Åse Jonsdatter Kittilsen Rui (fødd Lietveit) fotografert med kasseapparat på Rui av Torgeir Vraa like etter århundreskiftet.
Foto: Jon Vraa: Torgeir Vraa (1868-1968)

Torgeir Vraa var fødd av foreldra Olav Gjermundson A. Tveiten (1823-1907), gift 1855 med Åse Jonsdatter Kittilsen Lietveit (1826-1905) som var frå Litveit, ein husmannsplass i Kviteseid. Foreldra til Olav var Gjermund Olavson A. Tveiten (1792-1846) og Dagne Tarjeisdatter Lønnegrav (1796-1844) frå Vrådal, gifte 1817. Dei budde og dreiv på Austre Tveiten (Fyresdal gnr. 94) i Hauggrend. Dei hadde til saman 11 born, men ikkje alle vaks opp. Olav var den tredje i rekka med to eldre systrer. Det gjekk ikkje så godt for Gjermund og Dagne og etter Gjermund var buet i 1846 fallitt.

Folsæ (Fyresdal gnr. 93) var Jon Ånison Folsæ eigar, og ein av husmannsplassane der var Rui. Jon Folsæ hadde omtanke for folk som trong det, og då familien måtte gå frå Tveiten fekk Olav busette seg på plassen Rui og drive der. Jon Folsæ var ein allsidig mann og han kjøpte Søristoga-Vrå i Vrådal. Dette var eit av fleire bruk som seinare vart slege saman til det som i 2017 er Søndre Vrå. Olav var nok ein driftig kar som hadde Jon sin tillit og han fekk forpakte denne garden og flytte dit. Etter kvart vart det så til at han fekk kjøpe garden av Jon. Denne Olav dreiv nok litt stort og han sette i gang ei større tømmerdrift. Han var snill med andre som hadde det vanskeleg, men det gjekk likevel ikkje bra for han, og han måtte selje garden. Han fekk då igjen lov av Jon Folsæ å busette seg på Rui, enno ein gong som husmann.

Ved sidan av Søristoga-Vrå låg Oppistog. Loft og stove frå dette bruket er flytta til det nye tunet på noverande Søndre Vrå. Stova er i dag eldhus på garden. Denne stova vart truleg nytta til skule i Torgeir si tid.

Olav Gjermundson Tveiten og Åse hadde 6 born. Den yngste var Torgeir, etter bøkane døypt Tarjei. Den nest yngste sonen, Svein, vart buande på Rui. Alle borna til Olav og Åse fekk Rui som etternamn med unnatak av Torgeir som fekk namnet Vrå. Det har vore mykje undring i samband med dette, men ut frå den lange utgreiinga ovanfor har det nok si naturlege årsak. Då Olav fekk kjøpt Søristoga og dei busette seg der var det nok for å bli der, og sonen Torgeir fekk difor etternamnet Vrå.

Det er sagt at faren var ein munter og livlig mann og glad i å synge. Han sat gjerne på tømmerlasset og song. Mora var meir ein motsetnad vart det sagt – litt tungsindig, religiøs grublar som heldt seg til huspostillen, bibelen og salmeboka. Vi må vere merksame på at den store religiøse vekkinga som kom i 1890-åra var ein reaksjon på alle dei sosiale problema som fanst på den tid. Bare i vesle Hauggrend var det på den tid tre gardar som skifta eigar. Det har vore hevda at denne vekkinga like mykje var ei sosial vekking som ei religiøs vekking.

Som ungar flest på denne tida tok Torgeir del i det vanlege arbeidet på garden eller husmannsplassen. Det var tronge tider og dei måtte få mest mogleg ut av drifta. Han lærde naturen å kjenne og vart glad i den – glad i å vere oppe i fjellviddene og ikkje minst i å vere på setra om sumaren. Skuletida var 10-12 veker i vinterhalvåret.

Lærar

I denne bygningen frå Oppistog Vrå var det skule i Torgeir si tid. Sjølv budde han på nabogarden. I 2017 er dette eldhus på Søgard Vrå.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2016)

I tolv-årsalderen hogg Torgeir seg stygt i det eine beinet. Dette plaga han mykje resten av livet. Han stakk alltid på dette beinet og måtte bruke stokk. Han hadde stor leselyst, vart snart den beste i klassa og vart satt til å undervise fyrsteklassingane. Etter konfirmasjonen meinte både presten og hans gamle lærar at han burde søke lærarskulen. Han fekk låne dei pengar han trong, og 19 år gamal byrja han på Asker Seminar. Etter to år tok han ein sers god eksamen og vart tilsett som lærar i Kongsrud krets på Modum.

Arbeidarpolitikar

Den kjente arbeidarpolitikaren Christopher Hornsrud var den gong formann i Modum skulestyre som tilsette Torgeir Vraa som lærar. Dei to utvikla eit nært venskap og Hornsrud vart Torgeir sin politiske lærar. Det var kraft i Torgeir sin argumentasjon, han var litt av ein skodespelar og var ein eigenarta foredragshaldar, mykje nytta. Han var og populær i skulestova.

Bøddelkvalifikasjon

I 1892 søkte Torgeir Vraa på stillinga som bøddel. Han meinte oppveksten i den ville naturen i Hauggrend var ein god kvalifikasjon, men han fekk ikkje jobben!

Ekteskap

I 1892 gifta han seg med Sofie Hansen som var dotter til ein kollega på skulen. Ho var eit fint og følsamt menneske som vart ei god støtte gjennom åra som kom.

Journalist

I 1902 søkte han permisjon frå læraryrket og vart journalist i Social-Demokraten. Han hadde alt skrive ein del for denne avisa.

Redaktør

I 1905 vart arbeidaravisa Fremtiden starta. Han hadde i mange år ivra for å starte ei avis for Buskerud og det var då naturleg at han vart redaktør. Han flytta til Drammen med familien, og der vart dei verande resten av hans liv. Artiklane hans var lettleste og levande og slo godt an blant arbeidsfolk både i byane og på landet. «Skriv som du snakkar» var hans motto. Han starta fleire foreiningar, både politiske og faglege.

Stortingsmann

I 1906 vart han vald til stortingsmann, det var han til 1909. Ved valet i 1924 vart han vald for perioden 1925-1927. Han var også på tinget i perioden 1931-1933.

Kommunepolitikar

Han var og ivrig med i kommunepolitikken og hadde ei rekke politiske verv.

Epilog

Torgeir Vraa døydde i 1934, bare 66 år gamal. Det var sers stor deltaking ved bisetjinga i Drammen. Torgeir og Sofie Vraa er gravlagde på Bragernes kyrkjegard i Drammen. Arbeidarane i byen og distriktet reiste i 1936 ei statue over han på Gamle Kirkeplass i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Dyre Vaa.

Kjelder og til utdjuping

  • Bakken, Olav: Kviteseid Bygdesoge II Gardssoga 1962 s. 23 og s. 1609
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge Bind III. Fyresdal kommune 1992.
  • Vraa, Jon: Torgeir Vraa. 16. mai 1868 – 16. mai 1968. Fremtidens Trykkeri. Drammen. 1969.
  • Norsk biografisk leksikon. Bind XVIII H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) Oslo MCMLXXVII
  • Nota Bene, "Torgeir Vraa", artikkel i 1ste Mai 3. juli 1947, s. 3. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Tresland, Anne Sofie: Bøddelkvalifikasjon: Fyresdøl. Artikkel i Vest-Telemark blad laurdag 12. januar 2013
  • Rønniksen, Nils Johan: Sønnen som ikke ble bonde. Artikkel i Dagsavisen Fremtiden, Drammen mandag 15. august 2016
  • Rønniksen, Nils Johan: Sonen som ikkje blei bonde. Artikkel i Vest- Telemark blad fredag 2. desember 2016
  • Steinset, Borgar: Utdrag frå minneord om Torgeir Vraa. Sjå deg attyvi. Fyresdal sogelag 1991
  • Veum, Lars: Husmannsvesenet i Fyresdal. Sjå deg attyvi. Fyresdal sogelag 2007. Bilete av skulpturen på Gamle Kirkeplass i Drammen s.79.
  • Torgeir Vraa i Historisk befolkningsregister

Biletgalleri