Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900).
Foto: Ukjend (1907/1908).
Jørgine på vitjing hos dottera Charlotte Johanne i Asker. Frå venstre versonen Lars Madsen (1901–1982), dottera Charlotte Johanne Madsen (1898–1932), Jørgine, og foreldra til Lars, Martin Madsen og Laura Madsen (1875–1935).
Foto: Ukjend (omkr. 1924–1927).

Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han.

Slekt og unge år

Ho var dotter av småbrukar Paul Andersson Bakken (1821–1899) og Marit Iversdotter (1818–1883). Paul og Marit fekk ni born:

Jørgine vart fødd på Skinrudbrøtin, og vart døypt i Reinli kyrkje den 14. april 1861.[9]

I 1862/1853, då Jørgine var eitt eller to år gamal, braut familien opp. Det var ei vanskeleg tid i Valdres, og mange utvandra til Amerika. Marit og Paul hadde nok ikkje råd til det, eller dei ville ikkje, men dei måtte finne seg ein anna stad å bu for å kunne fø på familien. Så dei gjekk over til Hallingdal, og slog seg ned på Stuvengen ved Nesbyen. Der vart den siste ungen, Margit, fødd i 1863.

Ein tid etter at dei kom til Hallingdal gjekk noko gale. Det er ikkje lett å få dokumentert historia, men folk i slekta fortel at Paul stakk av med ei anna kvinne. Dei gjekk i retning Bergen, og skal ha tenkt seg over til Amerika. Men lensmannen tok dei att, og Paul vart sendt heim til kone og ungar. I folketeljinga 1865 finn vi dei på Stuvengen med seks ungar.[10] Marit står under namnet Margit Johansdotter, men det er heilt klart ein feil i teljinga - ho levde framleis med Paul då ho døydde i 1883, for han er ført opp som enkemann då.[11] Det står òg at alle ungane unnteke Andreas var fødde i Nes, men kyrkjebøkene syner at dei seks eldste var fødde i Sør-Aurdal. Eldstedottera Sigri var ikkje der; ho tjente truleg på ein gard. Vi veit nemleg at ho var i live i 1865, og at hun var med til Hallingdal. For i 1871 gjekk det nok ein gong gale for familien, og denne gongen endte det særs tragisk.

Den 20. august 1871 sette tre ungdomar over Brommafjorden. Sigri og Johan – ho 24 år gamal og han 18 – skulle på fest saman med venninna Gunhild Halvorsdotter Moen. I kyrkjeboka for Nesbyen har presten skrive ned kva som hende i eit felles notat for dei tre i kolonna for dødsårsak: «20. aug. ved at roe over Brumma fra Børtnes Nordre til Løvigen i en daarlig Baad. De gjenfandtes Søndag 10. september».[12] Nett korleis dei hamna i vatnet veit ingen, men dei må ha vorte tekne av straumen sidan det tok tjue dagar før dei vart funne.

Jørgine vart konfirmert den 28. mai 1876 i Nes kyrkje. Ho sto som nummer elleve av jentene, med karakteren «Temmelig god».

Vaksenlivet

Det tok nokre år frå konfirmasjonen før ho vart gift. Innan den tid møtte ho ein Peder Johannessen, og i 1881 fekk ho dottera Mathea Pauline (1881–1947) utafor ekteskap med han. Ho busette seg seinare på Kongsberg og vart gift med Severin Jacobsen.

Den 3. april 1883 gifta ho seg med møllar Kristian Olsen Fossen (1849–1906). Han vart fødd i Modum, og var som vi kan sjå tolv år eldre enn Jørgine. Då han gifta seg var han møllar, og det ser vi han som i kjeldene fram til 1896. Han arbeidde på Rømcke sin mølle, både på kornmølla og beinmølla.[13]

Paret fekk heile tolv ungar, attåt den to år gamle Mathea Pauline som Jørgine hadde med seg inn i ekteskapet:

  • Ole (f. 1883), til Kongsberg, seinare Oslo og Hokksund.
  • Gunvor Marie (f. 1885), til Mjøndalen. Gift med Lauritz Haugen.
  • Paul (f. 1886), til Sandsvær, gift med Mathilde Tomta.
  • Josefine Severine (f. 1889), til Øvre Eiker, gift med Johan Fossum.
  • Inga Mathilde Gurine (f. 1890), til Lier. Gift med Johan Johansen.
  • Gustav (f. 1892, d. før 1940), til Uvdal.
  • Johan (f. 1894), til Hønefoss. Gift med Thora Helgesdatter Stupa.
  • Johannes (f. 1896), til Øvre Eiker. Gift med Kari Widme.
  • Charlotte Johanne Madsen (1898–1932), til Asker. Gift med Lars Madsen.
  • Kristine Olava (f. 1900), til Asker. Truleg ugift i 1940.
  • Karl Hjalmar (1903–1981), til Hokksund og seinare Oslo. Gift med Agnes Klara Røste.
  • Ingeborg (f. 1905–1999), til Hokksund. Gift med Johannes Weum.

Rett etter at dei gifta seg budde dei på Tingstugutomtin. I 1885 var dei inderstarBakken hos foreldra til Jørgine, og så budde dei frå 1886 på Prestbakken, eit småbruk som også vart kalla Fossen og som dei tok namn etter. I 1903 fekk dei løyve til å ta det som slektsnamn.[14]

Etter 1896 står Kristian som arbeidar fleire gonger, og i folketeljinga 1900 som «Husmand med Bygsel, Landbrugsarbeider, Fattigunderstøttelse». At han slutta som møllar skal ha vore fordi han vart sjuk av arbeidet. Den 10. mars 1906 døydde han, og dødsårsaka er oppgjeve som astma og lungebetennelse.[15] Borna hans fortalde seinare at det handla om «møllarlunge», at han hadde pusta inn for mykje støv frå mølla og vart sjuk av det.

Jørgine vart altså sittande att åleine med ungane. Sei eldste var ute av huset, men vesle Ingeborg var fødd 7. mars 1905, så faren døydde tre dagar etter eittårsdagen hennar. På eit bilete som vart tatt i 1907 eller 1908 (sjå øvst i artikkelen) kan vi sjå Jørgine med åtte av dei. Alle dei tretten ungane hennar vaks opp; to av dei døydde før 1940, men i vaksen alder.

Som vi såg var Kristian husmann i 1900, og Jørgine eigde ikkje Prestbakken. i 1914 kravde Levor O. Prestbakken inn fem kroner i leige for året 1913. I 1916 vart ho ramma av ei ny katastrofe då stova brann ned. Det ser ut til at ho miste alt ho eigde, og ho hadde framleis tre born som var seksten år eller yngre. Ho leigde seg inn på Sandbakken hos Knut Kleven, og der budde ho til ho flytte på gamleheimen. Ho livnærde seg av strikking i desse åra, og fekk truleg òg hjelp frå borna. Tomta der Prestbakken eller Fossen stod er i dag ein del av Museumstomta, der Hallingdal Folkemuseum held til.

Jørgine døydde den 16. mars 1940, og vart gravlagd frå Nes kyrkje den 26. same månaden.[16] Grava på Nes kyrkjegard er sletta.

Referansar

Litteratur og kjelder