Askøy kommune
Askøy | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1247 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Kleppestø |
Areal | 6.69 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 6.69 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Askøy kommune er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke. Kommunesenteret er Kleppestø. Kommunen femner om øyane Askøy, Herdla, Hanøy og nokre mindre øyar. Kommunen grensar mot Bergen kommune i aust, Meland kommune i nordaust, Radøy kommune i nord, og Øygarden og Fjell kommunar i vest. Kommunen vart oppretta som formannskapsdistrikt i 1837 under namnet Askøen i samband med formannskapslovene. 1. juli 1918 vart Laksevåg skild ut som eigen kommune, medan kommunen i 1964 vart utvida med store delar av tidlegare Herdla kommune og dei delane av Meland kommune som låg på Askøy.
Historikk
Askøy var ikkje mellom dei områda i Nordhordland som vart tidligst busatt. Medan buplassar er funne på Sotra og Øygarden som kan vere så gamle som 10000 år, låg framleis Askøy under isen på denne tida.[1] Eit gammalt namn på Askøy var Fenring, som fyrste gong nemnast Gautreks saga frå slutten av 1200-talet. Handlingane i sagaen er tidfesta åt midten av 600-talet, men det er ikkje sikkert om handlinga i han kan reknast for historisk. Seinare skal også Egil Skallagrimsson ha vori på Ask på Askøy i 934 for å føre ei arvesak på Gulating, der han leid tap mot Eirik Blodøks. Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask. Kongshaugen som ligg på Hop kan vere frå bronsealderen.
I mellomalderen slo kong Sverre Sigurdsson øyskjeggane i 1194 i slaget ved Florvåg. Seinare vart staden likevel hamn for baglarane, og på Herdla budde baglarkongen Filippus Simonsson. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik, og i 1247 heldt kong Håkon Håkonsson gjestebud i Florvåg. Herdla kyrkje er nemnd i 1146, og vart i 1308 godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i 1861, og kyrkja som står der no vart bygd i 1863.
Ask og Herdla var kongsgardar i eldre tid, medan garden Hop er frå 1600-talet. På 1500-tallet budde Olav Torkjellson, den siste katolske biskopen i Bjørgvin, på Ask. Der sette han seg imot lutherdommen saman med Olav Engelbrektsson, men dei tapte for kong Christian III, med den fylgja at både Ask og Herdla kyrkjer vart brend.
Askøy i dag
Askøy har eiget vinmonopol, som vart oppretta i 2001. Askøy kystlag held til i kommunen.
Referansar
- ↑ Fossen, side 22.
Kjelder
- Fossen, Anders Bjarne. Fra de eldste tider til 1870. Askøys Historie I. Bergen, 1999.
- «Askøy» i Store Norske Leksikon.
- «Askøy» på bokmåls-wikipedia.
- «Askøy kommune» på nynorsk-wikipedia.