Romsdals amt
Romsdals amt vart oppretta i 1662 som underliggjande amt til Trondhjems stiftamt. Amtet var samansett av dei tre futedøma Nordmørs fogderi, som før hadde ligge under Trondheims len, Romsdals fogderi, som var den direkte vidareføringa av Romsdals len og Sunnmørs fogderi, som var vidareføringa av det tidlegare Sunnmørs len under Bergenhus hovudlen. Amtet var administrert frå Molde, der dei fleste amtmennene òg var busette. I 1919 skifta amtet namn til Møre og Romsdal fylke.
Amtmenn
- 1671–1675 Christian von Lindenow
- 1675–1677 Fredrik Offenberg
- 1680–1681 Daniel Knoff
- 1680–1691 Jonas Lilienskiold
- 1691–1700 Iver von Ahnen
- 1702–1703 Hans Lilienskiold
- 1704–1719 Hans Hanssen Nobel
- 1720–1729 Erich Must
- 1729–1731 Michael Worm
- 1731–1742 Christian Solgaard
- 1742–1751 Christian Ulrich Tønder
- 1750–1773 Nils Krog Collin
- 1751–1760 Andreas Fjeldsted
- 1773–1800 Even Hammer
- 1800–1811 Ole Hannibal Sommerfeldt
- 1811–1840 Hilmar Merincke Krohg
- 1840–1853 Gulbrand Thesen
- 1853–1892 Nils Weyer Arveschoug
- 1892–1902 Ludvig Arnoldus Leth
- 1902–1906 Alexander Kielland
- 1906–1913 Birger Kildal
- 1914–1918 Oddmund Vik
Lenkjer
- «Amtmennene i Romsdal» av Per Gjendem.
- Romsdal sogelag: kjeldeskrift
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Romsdals amt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |