Li (Jostedalen)
Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.
Tunet til det gamle hovudbruket ligg ca 410 m.o.h. Det vart fråflytt i 1940, og hovudbruket har seinare vore Nordheim (Sva) på ca 350 m.o.h. som ligg 250 meter søraust for gamletunet. Hit går det òg bilveg.
På Røvomn i Li låg Mjølverdalen skule. Heimane under Li sokna hit fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Snøskred
Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.[1]
Bruksdeling
- Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
- Bnr. 3 Norheim (Sva) - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
- Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914
Hovudbruket i Li vart fråflytt i 1940 og er seinare drive i lag med bnr. 3 Norheim. I Leteigen har det ikkje vore fast busetnad sidan 1970. Norheim har såleis vore det einaste bruket i Li med fast busetnad sidan 1970.
Husmannsplassar
Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.
- Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
- Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
- Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnr. 3 Norheim
- Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
- Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
- Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911
Notar
- ↑ Snøskred i Mjølverdalen 1846 og Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
Kjelder og litteratur
- «Lien» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane