Luster kommune
| Luster kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Historisk(e) navn | Lyster |
| Kommunenummer | 1426 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Kommunesenter | Gaupne |
| Areal | 0 km² |
| Areal land | km² |
| Areal vann | 0 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Sammenslåing(er) | 1963: Jostedal kommune 1963: Hafslo kommune |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
| Liste over ordførarar | |
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Oppland, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Sogn og Fjordane.
Kommunen er den største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen.
Kommunen fekk utbreiinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.
Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overførd til Jostedal. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.
Mellomalderkyrkjene Urnes stavkyrkje og steinkyrkja Dale kyrkjeligg i Luster kommune.
