Nordmøring
- Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå «Nordmøringar».
Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne og deler av Snillfjord kommunar i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosning og ytternamdaling blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Helge Sandøy klassifiserer nordmøring (utan sunndaling, rindaling og kristiansunder) saman med ytternamdaling i type D — jamvektsmål med apokope og delt femininum. Sunndaling, rindaling og kristiansunder karakteriserer han derimot, saman med fosenmål, inntrøndske mål (med unntak av Røros, Ålen og Tydalen) og deler av innernamdaling, som type C — jamvektsmål med apokope og utan delt femininum.[1]
Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk rð (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lenging av konsonanten dei fleste stadene; og mest lenging av vokalen i sunndalsdialekten).
Viktige underdialektar
- Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Sunndalsøramål (øramål) —
- Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
- Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Aurgjelding (auredialekt, auremål)
- Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)
Fonologi (lydlære)
Konsonantar
Vokalar
Prosodi (lend, trykk og tone)
Morfologi (formlære)
Verb
Sterke verb
infinitiv | presens | preteritum | perfektum | kommentar |
---|---|---|---|---|
å dryp | dryp | dröp | ha drop(p)ė | |
å bryt | bryt | bröt | ha brot(t)ė | |
å väv(v)a | väv | vóv | ha vov(v)ė | |
å gräv(v)a | gräv | gróv | ha grov(v)ė | |
å läs(s)a | läs | las | ha lės(s)ė | |
å dräp(p)a | dräp | drap | ha drep(p)ė | |
å bära | bär | bar | ha borė | |
å skjära | skjär | skar | ha skorė | |
å dätta | dätt | datt | ha dottė | |
å skvätt | skvätt | skvatt | ha skvottė | |
å smätt | smätt | smatt | ha smottė | |
å sprätt | sprätt | spratt | ha sprottė | |
å sitta | sitt | satt | ha sittė (sottė) | (sitt- varierer mellom open i og trong e) |
Syntaks (setningslære)
Fotnotar
- ↑ Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap. Oslo : Novus, 1987. ISBN 8270991228
Litteratur
- Mal:Almberg 1991
- Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
- Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
- Mal:Magerøy 1960
- Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania (Dybwad), 1915. (43 s.) [5]
- Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [6]
- Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [7]
- Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [8]