Knut Åsen
Knut Åsen (fødd kring 1559, død kring 1650) var truleg frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane. Han er nemnt Knut Sjursen (Kvitrud), og faren heitte i så fall Sjur. I 1649 oppgav han sjølv alderen til 90 år,[1] så etter dette må han ha vore fødd kring 1559 (Øyane skriv ca 1565).
Gardbrukar og leiglending
I presteskattelista frå 1596 er Knut endå ikkje vorten gardbrukar i Åsen - det var då "Ragnildt i Aas". Det er korkje nokon med namnet Knut eller Sjur i denne lista, så det kan tyde på at Knut var innflyttar. I den neste skattelista, som er frå 1600-01, er Knut brukar i Åsen, og han dreiv garden som leiglending fram til kring 1628.
Jordeigar
Han er i skattelistene kring 1617-20 den einaste jordeigaren i Jostedalen, men alle gardpartane var utanfor Jostedalen - La og Elvetun i Hafslo, og Råum og Sandviki i Luster.
Fyrste kjende lensmann
Knut er den fyrste lensmannen i Jostedalen ein kjenner namnet til. Arne Kvitrud skriv at han var lensmann då han 14. mars 1610 vart valt til å delta i hyllinga av Christian 5. I skattelistene frå 1596, 1600-01 og 1603-04 er ingen lensmann nemnd. Men i den neste bevarte gardbrukarlista, jordeboka frå 1611, er Knut Åsen nemnd som lensmann. Dei to neste åra hadde Ole Myklemyr embetet, men i jordeboka frå 1614 er Knut tilbake som lensmann, og han er no nemnd årleg som lensmann i skattelistene fram til 1620. Dei følgjande åra er ingen lensmann nemnd før Daniel Kjeppe dukkar opp som lensmann i 1620. Av dette kan ein utleie at Knut Åsen tidlegast kan ha vorte lensmann kring 1600 og hadde embetet til seinast ca 1625, med unntak av åra 1612-13.
Konflikt med presten?
I sakefallslista for 1616 står det at Knut har måtta ut med 8(?) daler for den "hiemssøgning hand, giorde i prestegaarden". Dette kan kanskje tyde på ein konflikt med soknepresten.
Familie
Han må ha vore gift, men kona hans er ukjend. To born etter han er kjende:
- Anders Knutson (1596-1653), gardbrukar i Åsen og svigerfar til Ole Arneson Åsen
- Kari Knutsdotter, gardbrukarkone på Sperla.
Notar
- ↑ Øffsterdals Crønike ca 1600 (Jostedal historielag)
Kjelder og litteratur
- Lensrekneskapar for Bergenhus til ca 1629 - ymse futerekneskapar, skattelister og jordebøker for Sogn (Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 210. (digital utgåve, NBdigital)
- Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)