Hemsedal
Hemsedal | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0618 |
Fylke | Buskerud |
Kommunesenter | Trøim |
Areal | 38.77 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 38.77 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1897 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune i 1897, og har grenser mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst. I tillegg grenser Hemsedal i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordøst mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.
Ålment
Geografisk fell kommunen saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen og kommunen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang».[1] Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringa er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).
Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringa føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979.
Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehode mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.
Hemsedal har frå gamalt av hatt mykje samkvem over fjellet med Vestlandet, særlig med dei næraste bygdene i indre Sogn. I mellomalderen høyrte heile Hallingdal til Gulating, og dalen låg til Stavanger stift fram til 10. april 1631, då det vart lagt under Christiania stift.
Hemsedal hadde opphavleg ei stavkyrkje, men nye Hemsedal kyrkje vart bygd i 1882.
Tusenårsstaden i Hemsedal kommune er Klokkarsteinen, ein stein som ligg halvvegs uti Hemsil ved Fossheim på Ulsåk. Tre ulike segn fortel om korleis steinen havna der.
Folketalsutvikling
Tidspunkt og kjelde | Folketal |
---|---|
Folketeljinga 1769[2] | 1 040 |
Folketeljinga 1801 | 1 154 |
Folketeljinga 1815 | 1 245 |
Folketeljinga 1825 | 1 374 |
Folketeljinga 1835 | 1 626 |
Folketeljinga 1845 | 1 775 |
Folketeljinga 1855 | 1 732 |
Folketeljinga 1865 | 1 609 |
Folketeljinga 1875 | 1 623 |
Folketeljinga 1891 | 1 499 |
Folketeljinga 1900 | 1 420 |
Folketeljinga 1910 | 1 364 |
2012 | 2 215 |
Ved folketeljinga i 1769 budde det 1 040 menneske i Hemsedal. I perioden fram mot folketeljinga i 1845 aukte folketalet i Hemsedal, og det året budde det 1 775 personar i bygda. Sidan byrja for alvor utvandringa til Amerika, Og ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten utvandra til saman 1 008 menneske frå Hemsedal som er registrerte i ministerialbøkene. Han rekna dessuten med at kanskje eit hundretal menneske kunne ha utvandra uten å ha vorte registrert der.[3] Det største utvandringsåret i historia om bygda var 1861, då heile 173 menneske utvandra. Flaten skriv det fylgjande:
Det siges, at man saa tydelig at kirkealmuen i Hemsedal hadde minket. Grunden er vel den store misvekst aaret før, flomaaret 1860, da bygden maatte kjøpe alt korn baade til føde og frø. ... Brukene Kroken, Bækkedal, Leirehaug, Haugssletten, Harahaug har siden staat øde.[4] | ||
Periode | Antal utvandrarar til Amerika[5] | Merknader |
---|---|---|
1845 | 27 | Ifylgje Flaten var desse dei fyrste utvandrarane frå Hemsedal til Amerika. |
1846-1850 | 43 | |
1851-1855 | 76 | |
1856-1860 | 43 | |
1861-1865 | 203 | Dei fleste av desse, 173, drog frå Hemsedal i 1861. |
1866-1870 | 117 | |
1871-1875 | 52 | |
1876-1880 | 98 | |
1881-1885 | 112 | |
1886-1890 | 97 | |
1891-1900 | 65 | |
1901-1913 | 75 | Siste familien drog i 1903. |
Kjente hemsedølar
- Kjell Venås (1927-), språkforskar.
- Ingrid Wigernæs (1928-), fødd Løken, skiløpar.
Galleri
Bur frå Trøim, no på Norsk folkemuseum.
Referansar
Kjelder
- Hemsedal – kommune i Buskerud i Store norske leksikon.
- Hemsedal på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Hemsedal på Wikipedia på nynorsk.
- Magne Bolme. Ingrid Wigernæs i Norsk biografisk leksikon.
- Jarle Bondevik. Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon.
- Hans Flaten. Hemsedal 1814-1914. Hemsedal kommunes forlag, 1914.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
Eksterne lenkjer
|