Hest

Sideversjon per 2. jan. 2014 kl. 13:39 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Hest''' er eit (upartåa) hovdyr av hestefamilien. Hesten blir tradisjonelt bruka til riding, som trekkdyr og som kløvdyr. Nokre stader blir hestane [[mjølk...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hest er eit (upartåa) hovdyr av hestefamilien. Hesten blir tradisjonelt bruka til riding, som trekkdyr og som kløvdyr. Nokre stader blir hestane mjølka òg, men det er ikkje vanlig i Skandinavia. Det finst fleire ulike skandinaviske hesterasar. Dei mest alderdomlige hestane er gotlandsryssen frå Gotland i Sverige, fjordingen frå Vestlandet og nordlandshesten eller lyngshesten frå området frå Salten til Troms. Islandshesten og færøyhesten er nærme i slekt med nordlandshesten. Dei tungbygde arbeidshestane inkluderer dølahesten frå Austlandet og norrlandshästen frå Norrland i Sverige.