Hals (Aure)
- For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.
Mal:Thumb høyre Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Hals | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 225 |
Postnummer: | 6590 |
Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I vest grensar garden mot Ersvika.
Gardsbruk
Bnr. 1: Oppistua
I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.
Oppistua i 1981. Foto: Olve Utne.
Bnr. 2: Bukta
Bnr. 3: Halsbogen
Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa bygsla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.
Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.
Bildegalleri
Fôrhaustar i Halsbogen. Foto: Olve Utne, 2008.
Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)
Bnr. 5: Stranda
Bnr. 6: Søstua
Bildegalleri
Slåttonn med fôrhaustar. Foto: Olve Utne, 2008.
Bnr. 7: Bortistua
Bildegalleri
Bnr. 8: Nesset
Bnr. 9: Dalan (Dalen)
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.
Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp kvennhus, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekken.
Hus
Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.
Tømmerkassen, ei toroms tømmerstue som vart flytta frå Halsa, vart sett oppå muren kring 1850. I 1916 vart det sagt at huset — og da meinte dei helst tømmerkassen — var to hundre år gammal. Det vart bygd til ei sval og eit kammers i reisverk attom. Huset vart oppussa og ombygd kring 1969–1970.
I 1980 vart det oppført eit nytt hus. Det gamle huset står framleis.
Driftsbygningar
Gammelfjøsen vart flytta til gards og oppsett kring 1850. Det vart sagt i 1916 at han var kring 150 år gammal, men mistanken er at han var noko nyare. Sjølve fjøskassen var tømra i kamnov. Fjøsdøra var ca. 1,30 m høg og mesta like brei. Det var mökkjalu'k i veggen, men ho stod i motbakke etter at fjøsen vart flytta, så ho var ikkje i bruk. I staden var det mökkjakjellar under deler av fjøsen. Låven var oppført i stavline med tømra røst mot sør. Det gikk to kraftige skråband frå samhaldet til røstet, der dei var innfelt atmmed sideåsane. Gammelfjøsen vart riven i 1980-åra.
Sommarfjøsen stod ved det som da var øverutgarden fram til sommarfjøsn blas ned i eit storskavêr i 1901.
Gammelnaustet, eit stornaust med plass til geitbåtfyring folket i Dalan hadde fram til 1916, stod attmed naustet i Trøa under Innersetra. Det vart rive tidleg på 1900-talet.
Nynaustet vart bygd i reisverk på sementpålar i 1970-åra.
Nyfjøsen vart bygd tidleg i 1980-åra som ein einetasjes småfefjøs med høylåve og saufjøs på same plan. Det vart tilbygd ein garasjedel nokre få år seinare.
Bildegalleri
- Kalvar av vestlandsk fjordfe i Dalan.Foto: Olve Utne (2014).
Bnr. 10: Slettet
Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.
Bnr. 11: Haugen (Sollien)
Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.
Peder A. Ersvik (1891–1977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.
Bnr. 12: Bjørkheim
Bnr. 14: Glemmen
Marit K. Halsnes (1916–200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (1916–2008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982.
Bruk utan bruksnummer
- Tåa
- Iverteigen
Kjelder
- Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986
- Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5