Ola Skotte
Ola Skotte (fødd 29. oktober 1893 i Lesja død 27. desember 1986) var ein lærar og forfattar av lokalhistoriske bøker og artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen Boklag) og Årsskrift for Lesja historielag. Han var aktiv i museumsarbeidet i Lesja. Skotte var gift med Anne Holsbrekken frå Lesja. Han tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1916 og vart tilsett som lærar i Skjåk same året. Året etter flytte han attende til Lesja og vart lærar i Bøgrende til han gjekk av med pensjon i 1960.
Ola Skotte var òg ein habil amatørfotograf, og det er teke vare på bilde etter han attende til 1919.
Lokalhistorisk bibliografi:
- Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna (1949, saman med Sigurd Einbu)
- Lesja ysteri 25 år. 1924-1949 (u.å.)
- Lesja og Dovre branntrygdelag. 1861-1961 (1961)
- Lesja sparebank gjennom 100 år. 1863-1963 (u.å.)
Foto av Ola Skotte
Litteratur
- Tor Einbu: Ola Skotte. I Kjelland, Arnfinn og Tor Einbu 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 s. 194-209.