Austefjord kyrkje
Austefjord kyrkje er ei langkyrkje på Fyrde i Austefjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkjebygget er i treverk (tømmer) og opphavleg bygd i 1773. Arkitekt var ? Lien. Kyrkja har 150 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Austefjordkyrkja stod opphavleg som Nes kyrkje i Bjugn prestegjeld. Bygdefolket i Austefjorden kjøpte ho for 2 800 kr. Kyrkja vart henta i april 1879. Samstundes vart ho restaurert og stod ferdig på Fyrde i november same året [1]. Mykje inventar følgde med kyrkja frå Nes, men etter kvart er det meste bytta ut. Kyrkjeklokka var ny og er frå 1879. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1909, men det vart skifta ut i 1954. Altartavla er måla i 1908 av kunstmålar ? Sjøholm. Kyrkja har vore vølt mange gonger [2].
Bilde frå Austefjord kyrkje
Kjelder
Eksterne lenker
- Austefjord kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Austefjord kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |