Nordlandsbåt
Nordlandsbåt er fellesnamnet for dei tradisjonelle opne ro- og seglbåtane i Nord-Norge — frå Bindal på grensa mellom Namdalen og Helgeland og nordover til grensa mot Russland. Nordlandsbåten er, som dei fleste andre tradisjonelle båtane langs kysten, spissgatta. Han er langkjøla, meir eller mindre rakstemnt og relativt rettborda og viser lite geografisk variasjon. Historisk sett er krumstemningen den eldste typen. Han har krumma stemnar, hogde bord, karakteristiske kne som går opp i ein boge eller spiss over kjølen, skjeggkeipar og råsegl. Overgangen til saga bord kring slutten av 1700-talet førte med seg endring i forma som via nokre tildels farlige overgangstypar endte opp i den moderne nordlandsbåten med råsegl kring 1850-åra; og denne vart så lett omforma ved innføringa av sneiseglet kring slutten av 1800-talet. Innpå 1900-talet vart ein del nordlandsbåtar oppborda og utstyrt med motor, sjå for eksempel motoråttring. I dag er motoråttringen gått ut av bruk, men det blir bygd både krumstemningar, rettstemna råseglbåtar og rettstemna sneiseglsbåtar.
Nordlandsbåten blir bygd i fleire størrelsar — frå toroms kjekser og opp til fembøringar som kan ha opptil seks årepar og enda fleire rom. Den største registrerte fembøringen var på 53 fot. Bindalsbåtane og ranværingsbåtane blir tradisjonelt bygd i gran, mens saltværingsbåtane tradisjonelt blir bygd i furu.
Størrelse
Oversyn
Nemninga på båtane vil vere litt forskjellig etter kva for ein båttradisjon ein høyrer til. Det er oftast dialekten som utgjer forskjellen på nemninga.
Rom | Lengd (fot) | Årar | Årepar | Romnemning | Andre |
---|---|---|---|---|---|
2 | 14–17 | færing (Helgeland) | tororing | torømming | kjeks (Salten og nordover) sjun (Grytøya, Troms) |
2,5 | 17–18 | hundromsfæring (Helgeland) | tororing | halvtrierømming (Salten og nordover) | kjeks |
3 | 19–20 | seksring (Helgeland) | treroring (Salten og nordover) | trerømming | |
3,5 | 21–23 | seksring | treroring | halvfjerdrømming | kobbromsbåt |
4 | 24–27 | firroring | |||
4,5 | 27–29 | halvfemterømming | bunkerømming | ||
5,0 | 28–34 | åttring, storåttring | |||
6–8 | 36–44 | seksroring | fembøring | ||
9–10 | 45–58 | storfembøring |
Kjeks
Hundromsfæring
- Marius Løkse, trubadur, medlem Kystlaget Viken og daglig leder for Roklubben Åretak, ror nordlandsbåt under Akershusstevnet september 2011Foto: Tore Gramnæs Jacobsen (2011).
Trerømming
- Krumstemningen «Gammelbukken» (1825) i utstilling ved Nordnorsk Båtmuseum (NNFA)Foto: Joost Koelman (2011).
Halvfjerderømming
«Ranværsbaad» — halvfjerderoms krumstemning oppmålt av Marinen ein gomg på 1800-talet.
Firrømming
Halvfemterømming
Åttring
- Åttring blir innhatt i naust.Foto: Steigen kystlag/Harald Anton Nilsen (2009).
- Skinnfyken (Nordlandsåttring 1905) før han fikk løfting.Foto: Per Einar Eilertsen (2006).
- Skinnfyken (Nordlandsåttring 1905).Foto: Per Einar Eilertsen
- Skinnfyken (Nordlandsåttring 1905).Foto: Per Einar Eilertsen
- Skinnfyken (Nordlandsåttring 1905).Foto: Per Einar Eilertsen
Fembøring
- Grytir (nordlandsbåt 1992) på vei til KYSTENs landsstemne 2006 i Bodø.Foto: Arne-Terje Sæther (2006).
- Fembøringen Opreisningen frå Rana i Nordland, no ved Norsk Maritimt Museum på Bygdøy i Oslo.Foto: Heidi Thöni Sletten (2017).
Flere bilder
- Uidentifiserte nordlandsbåtar i Nordland, truleg i nærheita av Bodø.
- Seilende nordlandsbåter under KYSTENs landsstemne 2006 i Bodø.Foto: Arne Neeraas (2006).
Kilde
- Færøyvik, Bernhard og Øystein. Christensen, Arne Emil (red.). Inshore craft of Norway. Oslo, 1979.
- Eldjarn, Gunnar og Jon Godal. Nordlandsbåten og Åfjordsbåten, bind 3. Lesja, 1988.