Knud Carlsen (1809–1889)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. des. 2022 kl. 00:08 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Fjerna ei daud lenkje og sett inn ei ny til same kjelde.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knud Carlsen og kona Viil Gulsdotter Landsverk.

Knud Carlsen (1809–1889) var lærar, klokkar og ordførar i Rollag.[1]

Knud Carlsen vart fødd på husmannsplassen Hefte under Øvre Skarpmoen i Rollag. Foreldra var Margrete Jacobsdotter Bratt og Carl Paulsen Holman. Mor hans døydde 12 veker etter at Knud vart fødd. Faren sat i tronge kår, og Knud kom på legd i 3-4 års alder.[2]

Både morfaren, ein oldefar og ein morbror hadde vore klokkarar i Rollag. Ein annan morbror var lærar i øvre Rollag. Mange i denne Bratt-slekta var kjende som svært gode songarar. Det viste seg tidleg at Knud hadde framifrå evner, og han hadde "ei uvanleg sterk og vakker songrøyst". [3] Knud song ofte på stader der folk var samla, og folk lydde gjerne til den kraftfulle songen. Det vart fortalt at han song på dansesamkomer slik at folk slutta å danse for å høyre på den karftfulle songen.[1]

Knud tok til som omgangsskolelærar i Dagali, Tunhovd, Skurdalen og Vikogrenda i 1831, 22 år gammal. Han såg på læraryrket som ei ansvarsfull gjerning og hadde lyst til å lære meir. Hausten 1834 slutta han i denne lærarstillinga og vart elev på det nyoppretta Asker seminar. Han gjekk ut frå seminaret i 1835 med karakteren «Meget duelig». I november 1835 vart han så tilsett som kyrkjesongar og lærar i Rollag. Det vert fortalt at mange kom til kyrkja for å høyre den nye klokkaren syngje.[1]

Knud Carlsen hadde andre ombod i bygda enn stilinga som kyrkjesongar og lærar. Han vart vald inn i det fyrste heradstyret i Rollag i 1837, og han sat seinare som ordførar i 23 år.[4] Han var postopnar i Rollag frå 1. mai 1870.[5]

Knud Carlsen utarbeidde eit slektsregister for heile Rollag som går attende til 1618. Dette registeret tok mykje tid og måtte i stor grad byggje på munnlege kjelder ettersom ministerialbøkene ikkje går så langt attende. Slektsregisteret vert kalla ‘Carlsenbokje’ og har vore flittig bruka av slektsgranskarar i Rollag.

Knud Carlsen vart gift med Viil Gulsdotter Landsverk (1814–1893). Dei hadde 8 born. Dottera Viil Knutsdotter Stærnesplassen (1841–1912) førte vidare den religiøse songtradisjonen etter faren og var "ein viktig lekk i den vokale tradisjonen".[6] Familien budde i klokkarbustaden i Rollag, Klukkargarden, gardsnummer 76, bruksnummer 6, til Knud Carlsen søkte avskil som klokkar i 1878 og familien flutte frå Klukkargarden. Knud Carlsen hadde kjøpt bruket Mogen, gardsnummer 76, bruksnummer 2, i 1846, og han dreiv dette bruket fram til han døydde i 1889.[7] Bruket vert kalla Klukkarmogen av di Knud Carlsen åtte og dreiv det.

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.yumpu.com/no/document/read/18257914/biografi-over-folkemusikarar-og-dansarar-i-numedal
  2. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 40. Rollag kommune.
  3. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 193–s.196
  4. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. V, s. 44.
  5. https://digitaltmuseum.org/021166441221/3626-rollag-postapneri
  6. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 196
  7. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. V, s. 44, 46 og 67.