Knud Carlsen (1809–1889)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knud Carlsen og kona Viil Levorsdotter Landsverk.

Knud Carlsen (1809–1889) var lærar, klokkar og ordførar i Rollag.[1]

Knud Carlsen vart fødd på husmannsplassen Hefte under Øvre Skarpmoen i Rollag. Foreldra var Margrete Jacobsdotter Bratt og Carl Paulsen Holman. Mor hans døydde 12 veker etter at Knud vart fødd. Faren sat i tronge kår, og Knud kom på legd i 3-4 års alder.[2]

Både morfaren, ein oldefar og ein morbror hadde vore klokkarar i Rollag. Ein annan morbror var lærar i øvre Rollag. Mange i denne Bratt-slekta var kjende som svært gode songarar. Det viste seg tidleg at Knud hadde framifrå evner, og han hadde "ei uvanleg sterk og vakker songrøyst". [3] Knud song ofte på stader der folk var samla, og folk lydde gjerne til den kraftfulle songen. Det vart fortalt at han song på dansesamkomer slik at folk slutta å danse for å høyre på den karftfulle songen.[1]

Knud tok til som omgangsskolelærar i Dagali, Tunhovd, Skurdalen og Vikogrenda i 1831, 22 år gammal. Han såg på læraryrket som ei ansvarsfull gjerning og hadde lyst til å lære meir. Hausten 1834 slutta han i denne lærarstillinga og vart elev på det nyoppretta Asker seminar. Han gjekk ut frå seminaret i 1835 med karakteren «Meget duelig». I november 1835 vart han så tilsett som kyrkjesongar og lærar i Rollag. Det vert fortalt at mange kom til kyrkja for å høyre den nye klokkaren syngje.[1]

Knud Carlsen hadde andre ombod i bygda enn stilinga som kyrkjesongar og lærar. Han vart vald inn i det fyrste heradstyret i Rollag i 1837, og han sat seinare som ordførar i 23 år.[4] Han var postopnar i Rollag frå 1. mai 1870.[5]

Knud Carlsen utarbeidde eit slektsregister for heile Rollag som går attende til 1618. Dette registeret tok mykje tid og måtte i stor grad byggje på munnlege kjelder ettersom ministerialbøkene ikkje går så langt attende. Slektsregisteret vert kalla ‘Carlsenbokje’ og har vore flittig bruka av slektsgranskarar i Rollag.

Knud Carlsen vart gift med Viil Levorsdotter Landsverk (1814–1893). Dei hadde 8 born. Dottera Viil Knutsdotter Stærnesplassen (1841–1912) førte vidare den religiøse songtradisjonen etter faren og var "ein viktig lekk i den vokale tradisjonen".[6] Familien budde i klokkarbustaden i Rollag, Klukkargarden, gardsnummer 76, bruksnummer 6, til Knud Carlsen søkte avskil som klokkar i 1878 og familien flutte frå Klukkargarden. Knud Carlsen hadde kjøpt bruket Mogen, gardsnummer 76, bruksnummer 2, i 1846, og han dreiv dette bruket fram til han døydde i 1889.[7] Bruket vert kalla Klukkarmogen av di Knud Carlsen åtte og dreiv det.

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.yumpu.com/no/document/read/18257914/biografi-over-folkemusikarar-og-dansarar-i-numedal
  2. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 40. Rollag kommune.
  3. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 193–s.196
  4. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. V, s. 44.
  5. https://digitaltmuseum.org/021166441221/3626-rollag-postapneri
  6. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 196
  7. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. V, s. 44, 46 og 67.

Kjelder og litteratur