Flitabakken

Sideversjon per 7. apr. 2026 kl. 12:58 av Rool (samtale | bidrag)

Flitabakken i i Midt-Telemark kommune er ein 115 meter lang blindveg i Flitafeltet i Breisås bustadområde som går sørover frå Oppheimvegen.

Flitabakken sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter den tidlegare garden Flita og blei namnsett i 2007. Busetnaden består av ni einebustader. Før 2007 hadde dei adresse til Oppheimvegen 7–23.

Flitafeltet blei sett i gang i 1966 som det fyrste bustadfeltet i Breisås bustadområde.

Eigedomar

Nr. Bilde Om eigedomen
1
 
Foto: Roy Olsen (2025).
Gnr. 51/53, «Flita»

Hus med 3 bueiningar.
Anund Myre fekk tomta på ca. 1 da ved festekontrakt i 1952, og sette opp huset i 1954. I 1956 kjøpte Einar Veirud huset, og han selde i 1958 til Bernt Brandt. I 1959 kjøpte så Anders Uglem eigedomen.
Tidlegare Oppheimvegen 7.

2
 
Foto: Roy Olsen (2025).
Gnr. 51/72, (tomt 73)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Lærar Andres O. Jørgedal (1908–1989), g. m. Åsne Igletveit frå Seljord, kjøpte tomta av kommunen i 1964 og bygde huset året etter.
Tidlegare Oppheimvegen 23.

3
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/55, (tomt 61)

Hus med 3 bueiningar.
Sjåfør Paul Romnes (1945), g. m. Marit Romnes frå Porsgrunn, kjøpte tomta av kommunen i 1970 og sette opp huset som sto ferdig året etter.
Tidlegare Oppheimvegen 9.

4
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/131, (tomt 74)

Einebustad.
Signe Haugen (f. 1910) kjøpte tomta av kommunen i 1971.
Tidlegare Oppheimvegen 21.

5
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/56, (tomt 60)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Jernbanearbeidar Halvor Klokkerstuen kjøpte tomta og bygde huset i 1972.
Tidlegare Oppheimvegen 11.

6
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/71, (tomt 75)

Einebustad.
Jernbanearbeidar Olaf Andersen kjøpte tomta av kommunen i 1964 og bygde huset same året.
Tidlegare Oppheimvegen 19.

7
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/59, (tomt 56)

Einebustad med sokkelleilegheit.
Tidlegare Oppheimvegen ??.

8
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/37, «Frydenlund»

Vertikaldelt tomannsbustad.
Dette er husestaden for Flita, bnr. 5. Eivind Eckbo jr. fekk skøyte på Flita i 1949, og frå 1950-åra blei eigedomen utlagd til tomter. Denne tomta, som fekk namnet Frydenlund er på ca. 2 da og blei kjøpt av Aksel og Sønnøve Bakke i 1964.
Som artigfakta kan ein nemne at naboeigedomen til Frydenlund, bnr. 38, fekk namnet «Ringnes».
Tidlegare Oppheimvegen 17.

9
 
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/38, «Ringnes»

Einebustad.

Tidlegare Oppheimvegen 15.

Sjå også

Kjelder

  • Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 085/07 21. august 2007.
  • Kommunekart: Flitabakken
  • Kartverket, Eiendomsregisteret: Flitabakken
  • Henneseid, Stian. Bø-soga. Utg. Kommunen. 1982-1986?. 1982. Digital versjonNettbiblioteket s. 480–483 (Oppheinvegen).


Koordinater: 59.40851° N 9.06878° Ø