Vegen har namn etter den tidlegare garden Flita og blei namnsett i 1967.
Flitafeltet blei sett i gang kring 1965 som det fyrste bustadfeltet i Breisås bustadområde. Dette var eit av områda Bø kommune kjøpte av Eivind Eckbo i 1964. Det fekk bnr. 69. Pr. 2026 består busetnaden i Flitavegen av 17 einebustader, fleire med sokkelleilegheit. Dei fleste tomtene blei selt av Bø kommune mellom 1964 og 1969, og hus blei sett opp kort tid etter.
Eigedomar
Nr.
Bilde
Om eigedomen
1
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/73, (tomt 63)
Einebustad.
Eivind T. Moen (1929–2005), g. m. Ragnhild Simonsbekk, kjøpte tomta av kommunen i 1965 og sette opp huset.
2
Foto: Roy Olsen (2025).
Gnr. 51/126, (tomt 67)
Einebustad.
Kokke Agnes Maline Brokka, g. m. snikkar Gunnar Hegna (1911–1985), kjøpte tomta av kommunen i 1968 og bygde huset. Eiendommen var Agnes' særeie.[1] Her dreiv Agnes eit bakeri der ho baka kling, flatbrød og kringler.[2]
3
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/95, (tomt 62)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Sjåfør Paul Romnes (1945), g. m. Marit Romnes frå Porsgrunn, kjøpte tomta av kommunen i 1970 og sette opp huset som sto ferdig året etter.
4
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/129, (tomt 68)
Einebustad.
Navigatør Einar Nilsen (f. 1932) frå Eidanger, g. m. Åsne Agnes Heistad, kjøpte tomta av kommunen i 1968 og bygde huset.
5
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/110, (tomt 61)
Einebustad.
Sjåfør Alf Kristian Weiseth (1930–2011), g. m. Eldbjørg Weiseth, kjøpte tomta av kommunen i 1967.
6
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/113, (tomt 47)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Pål Moen (f. 1923) frå Bykle, g. m. Sina Helene Bauge, kjøpte tomta av kommunen i 1967 og bygde.
7
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/84, (tomt 60)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Kontorist Aksel Egenæs (1938–1999), g. m. Magnhild Ringhus, kjøpte tomta av kommunen i 1965. Huset sto ferdig i 1966.
Einebustad.
Tannlege Steinar Rue frå Brunkeberg kjøpte bustad og tomt av kommunen i 1974. Huset var bygd i 1971. Han selde i 1980 til Kolbjørn og Lucie Kristoffersen. Skjøte 1982 til Liv Kristin, Asbjørn og Odd Løvoll.
9
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/74, (tomt 59)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Postfunksjonær Willy Martin Nymoen (1913–1989), g. m. kokke Anne Havskolt, kjøpte tomta av kommunen i 1965 og bygde 1966–1967.
11
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/82, «Kveldsol» (tomt 58)
Einebustad.
Kjøpmann Hellek H. Sønstebø (1896–1985), g. m. Marie Haugland, kjøpte tomta av kommunen i 1965[3] og sette opp huset same året. Dei starta manufakturhandel i Bøgata i 1928. Eigar frå 1980, Anne Marie Øverland (f. 1952). Eigarar frå 1986, Geir Olav (f. 1958) og Astrid Båsen Garthus (f. 1958). Eigar frå 1990, Gunhild Skogen (f. 1936). Eigedomen overdratt til Eirik Skogen i 2018.
13
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/83, (tomt 57)
Einebustad.
Hege Myrene kjøpte tomta av kommunen i 1969. Huset blei sett opp same året.
15
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/89, (tomt 51)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Torstein Myhre (1900–1971), g. m. Mari, f. Kleppe, kjøpte tomta av kommunen i 1964 og bygde huset 1967–1968.
17
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/79, (tomt 45)
Einebustad med sokkelleilegheit.
Jernbanefullmektig Tormod Fossnes (f. 1932), g. m. Marit Andrea Lindland, kjøpte tomta i 1964 og bygde same året. Fossnes var KrF-politikar og varaordførar i Bø i tre år fram til 1995, da han flytta til Grimstad. Han selde huset til Ella Marie Harkiolaki.
19
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/102, (tomt 19)
Einebustad.
Butikksjef Gunnar Hagen (f. 1939), g. m. Wenche Pedersen frå Oslo, kjøpte tomta av kommunen og bygde huset i 1966.
20
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/20, «Almankås»
Einebustad.
Tomt på ca. 4 da blei skild ut frå Oppheim (gnr. 51/4) i 1944 og kjøpt av montør Rudolf Gustavsen (1901–1958) på Østre Toten og Maren f. Almankås. Huset blei sett opp i 1947. Seinare blei to tomter skilde frå.
21
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/133, (tomt 18)
Einebustad.
Inspektør Ingvar Nicolay Pedersen (f. 1907) frå Oslo, g. m. Astrid Sofie Jensen, kjøpte tomta av kommunen i 1969 og bygde huset i 1972.
22
Foto: Roy Olsen (2026).
Gnr. 51/169, «Huus»
Einebustad.
Stasjonsmeister Ole Huus Kjæmperud (1915–2010), g. m. Lucie Larsen. Tomta er skild ut frå bnr. 20. Kjempærud kjøpte ho i 1973 og bygde i 1975