Lokalhistoriewiki:Hovedside
Ukas artikkelRandi Andersdotter Solem (fødd 1775 eller 1776 i Tiller, død 27. august 1859 i Strinda) var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas. Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.Les mer... Smakebiter fra artikleneLeirvågen kolerakyrkjegard ligg nær sjøen i Leirvåg ved Valevåg i Sveio kommune. Det går ein mur rundt heile gravplassen, med smijernsport i. Det er no ingen synlege graver inne på plassen. Muren blei restaurert i 2014. Kyrkjegarden blei vigsla i 1849, då koleraepidemien råka vestlandskysten. Det skal ha vore den hollandske skonnerten «Magdalene Christine» som tok bakterien til Noreg då skonnerten la til kai i Bergen i desember 1848, og skapte ein koleraepidemi i Bergen og tok der livet av over 600 menneske i løpet av tre månadars periode og preidde seg raskt under sildefisket. Koleragravplassane ligg ofte langt frå folk og hus, då ein den gången trudde dei døde kunne smitta også etter at dei var komne i jorda. Les mer …NEG S35 Vinnerlykke er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1998 med tittel Vinnerlykke. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne. Les mer … NEG 215 Pepperkakebakst er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Pepperkakebakst. Utsendar var Norsk etnologisk gransking. Les mer …
|
Ukas bilde
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.nolokalhistoriewiki.no drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), men artikler skrives og bilder lastes opp av frivillige med interesse og kompetanse innen områdene den dekker, og både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 77 793 artikler og 218 435 bilder, og om du vil bidra kreves det kun at du registrerer deg. Via forsideoversikten eller røde lenker i artiklene kan du se om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, og via sidene om wikien og redigeringshjelp får du starthjelp. |