Hals (Aure)
- For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.
Hals | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 225 |
Postnummer: | 6590 |
Mal:Thumb høyre Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.
Gardsbruk
Bnr. 1: Oppistua
I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.
Oppistua i 1981. Foto: Olve Utne.
Bnr. 2: Bukta
Bnr. 3: Halsbogen
Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa byksla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.
Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.
Bildegalleri
Fôrhaustar i Halsbogen. Foto: Olve Utne, 2008.
Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)
Bnr. 5: Stranda
Bnr. 6: Søstua
Bildegalleri
Slåttonn med fôrhaustar. Foto: Olve Utne, 2008.
Bnr. 7: Bortistua
Bildegalleri
Bnr. 8: Nesset
Bnr. 9: Dalan (Dalen)
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.
Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva hollendartida. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp kvennhus, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekken.
Bildegalleri
- Kalvar av vestlandsk fjordfe i Dalan.Foto: Olve Utne (2014).
Bnr. 10: Slettet
Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.
Bnr. 11: Haugen (Sollien)
Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.
Peder A. Ersvik (1891–1977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.
Bnr. 12: Bjørkheim
Bnr. 14: Glemmen
Marit K. Halsnes (1916–200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (1916–2008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982.
Bruk utan bruksnummer
- Tåa
- Iverteigen
Kjelder
- Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986
- Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5