Romsdaling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk — både i ordskatten; i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn); så vel som i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęm víso). Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (alle vísn, alle bøttn, alle veken).

Klassifikasjon

Austnorske trekk

Dei austnorske trekka i romsdalsdialekten kan delast inn i trekk som er felles med trøndsk og trekk som er felles med midlandsmål.

Vestnorske trekk

Fonologi

Morfologi

Pronomen

Personlege pronomen

Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmør. Eit anna generelt kjenneteikn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmør, medan ås blir noko bruka øvst i sjølve Romsdalen.

Substantiv

Verb

Geografisk variasjon

Litteratur

  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.

Mal:Q