Romsdaling
- Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».
Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk — både i ordskatten; i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn); så vel som i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)).
Klassifikasjon
Konvensjonelt har romsdaling vorte klassifisert som nordvestlandske e-mål dei siste hundre åra, men går ein nøyare inn på målmerka og ordskatten, så viser det seg snart at dialekten står i ei mellomstilling mellom dei nordvestlandske e-måla, trøndsk og midlandsmål — noko som òg passar godt med den geografiske plasseringa mellom desse.
Trøndske trekk
Utjamning
Det finst nokre få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet vare (‘vera’) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel muleg at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å va blir bruka langt utanom jamvektsområdet, inkludert i saltværing. Eit klårare eksempel er ordet bare (‘bora’),[1] som heng saman med den nordmørske forma bara.
Midlandske trekk
Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er framleis ganske utbreidd i Romsdalen. Dette trekket finst òg på deler av Nordmør, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen. Mangel av palatalisering ved historisk nd (ónnde (‘under’), venn (‘vind’)) er svært vanleg, særleg i indre strøk.
Den ikkje-palatale endingskonsonanten i dativ eintal og bunden form fleirtal i det meste av Romsdalen ser vi òg delvis i Nord-Gudbrandsdalen (vísun ~ vísøn ~ vísøyņņ). Overgangen frå u, truleg via ø, til e samsvarar bra med øvrig hyppig senking av historisk korte vokalar føre ikkje-palatale konsonantar i romsdalsdialekten (venn (‘vind’), stønn ~ stónn (‘stund’)) og bør dermed truleg sjåast som ein felles tendens med Gudbrandsdalen heller som samsvar med dei meir fonologisk ulike formene i sunnmørsdialekten (vísiņņe ~ víseņņe).
Nordvestlandske trekk
Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst e-ending i infinitiv (å kom(m)e, å éte, å hæte) og i ubunden form av svake hokjønnsord (ei veke, ei víse). Eit anna nordvestlandsk trekk kjenner vi att i rundinga av a føre ng i enkelte ord (monge (‘mange’).
Fonologi
Morfologi
Pronomen
Personlege pronomen
Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på Averøya på Nordmør. Eit anna generelt kjenneteikn er forma dæ ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm og gudbrandsdalsmål døm.
I første person fleirtal nominativ blir forma mé ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma ví bruka, som på det meste av Nordmør, medan ås blir noko bruka øvst i Raumadalen.
Substantiv
Verb
Geografisk variasjon
Fotnotar
- ↑ “Kva du vell mæ navar? I vell bare slē`e.” (Rypdal 1929, s. 48.)
Litteratur
- Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.