Nordmøring
- Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå «Nordmøringar».
Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne og deler av Snillfjord kommunar i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970).
Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk rð (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lenging av konsonanten dei fleste stadene; og mest lenging av vokalen i sunndalsdialekten).
Viktige underdialektar
- Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Sunndalsøramål (øramål) —
- Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
- Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Aurgjelding (auredialekt, auremål)
- Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)
Morfologi
Verb
Sterke verb
infinitiv | presens | preteritum | perfektum | kommentar |
---|---|---|---|---|
å dryp | dryp | dröp | ha drop(p)ė | |
å bryt | bryt | bröt | ha brot(t)ė | |
å väv(v)a | väv | vóv | ha vov(v)ė | |
å gräv(v)a | gräv | gróv | ha grov(v)ė | |
å läs(s)a | läs | las | ha lės(s)ė | |
å dräp(p)a | dräp | drap | ha drep(p)ė | |
å bära | bär | bar | ha borė | |
å skjära | skjär | skar | ha skorė | |
å dätta | dätt | datt | ha dottė | |
å skvätt | skvätt | skvatt | ha skvottė | |
å smätt | smätt | smatt | ha smottė | |
å sprätt | sprätt | spratt | ha sprottė | |
å sitta | sitt | satt | ha sittė (sottė) | (sitt- varierer mellom open i og trong e)
Litteratur
|