Li (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.
På Røvomn i Li låg den nedlagde Mjølverdalen skule.
Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.
Bruksdeling
- Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
- Bnr. 3 Norheim - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
- Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914
Husmannsplassar
Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.
- Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
- Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
- Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnr. 3 Norheim
- Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
- Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
- Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane