Austevoll kommune
Austevoll | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1244 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Storebø |
Areal | 2.95 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 2.95 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Koordinater: 60°2′16″ N 5°16′6″ Ø
Austevoll kommune er ein øykommune vest i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeve av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Kommunen består av 667 store og små øyar, og har ei strandline på 337 km.
I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks.
Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Havforskningsinstituttet har ei avdeling i Austevoll. To børsnoterte selskap har hovudkontora sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, som er det største offshorereiarlaget i Noreg målt etter verdi[1], og havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA.
I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Flaggruta mellom Bergen og Stavanger har stopp på Hufthamar, det same har snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland.
Historie
Eldre historie
Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.
Nyare historie
Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar Fitjar kommune, søre Selbjørn og søre Huftarøy, overdregne til Austevoll. Fram til 1957 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster. Soknene hadde eigne soknestyre, men hadde felles møte om saker som gjaldt begge soknene. I 1910 vart Austevoll utskilt frå Sund som eige prestegjeld med dei to soknene Austevoll hovudsokn og Møkster annekssokn. 17. april 1964 vart Austevoll eige lensmannsdistrikt.
Geografi
Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer og eit areal på 114 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster og Litlakalsøy. Innimellom dei sørlegaste øyane ligg Lunnøy.
I vest grensar kommunen til Nordsjøen, i nord ligg Korsfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo på 244 meter.
Bygder
Bygd | Innb.tal (2005) [2] | Innb.tal krins (2001) [3] | |
1. | Storebø | 1,032 | 1,341 |
2. | Bekkjarvik | 355 | 489 |
3. | Kolbeinsvik | 481 | |
4. | Vinnes | 378 | |
5. | Haukanes | 235 |
Øyer med heilårs busetnad
Øy | Innb.tal [4] | |
1. | Huftarøy | 2,435 |
2. | Selbjørn | 956 |
3. | Hundvåkøy | 554 |
4. | Stolmen | 206 |
5. | Storekalsøy | 167 |
6. | Møkster | 65 |
7. | Litlekalsøy | 26 |
8. | Lunnøy | 10 |
Politikk
Samstundes med at dei store strukturendringane i næringslivet begynte i 1970-åra, skjedde det ei politisk endring i kommunen. Senterpartiet braut tradisjonen med bygdelister og stilte eiga liste ved valet i 1971. Bygdelistene blei etter kvart erstatta av partilister, og dermed vart og mykje av den gamle politiske drakampen mellom øyane borte.
Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 27 representantar, samansett av Framstegspartiet (9), Høgre (7), Arbeidarpartiet (4), Senterpartiet (3), Kristeleg Folkeparti (3) og Venstre (1).
Etter valet i 2003 vart Helge André Njåstad vald til ordførar i kommunen. Kommunen blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Framstegspartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Austevoll kommune er ein av dei mest gjeldstynga kommunane i Hordaland, og kommuneøkonomi og betringa av denne er den viktigaste politiske saka. Austevollsbrua var det siste store bruprosjektet i Autevoll. Brua vart opna i november 2007, og knyter saman Huftarøy og Hundvåkøy[5].
Ordførarar i Austevoll
Austevoll vart skild frå Sund kommune i 1886. Frå dette tidspunktet har kommunen hatt desse ordførarane:
Yrke | Namn | Periode | Parti |
---|---|---|---|
Lærar og kyrkjesongar | Ole Strømme | 1886-1901 | |
Fiskar | Peder Olai Kleppe | 1902-1919 | |
Bonde | Olai Naustheller | 1920-1925 | |
Bonde | Mikkel Nilsen Birkeland | 1926-1935 | |
Lærar | Magnus Larsen | 1935-1937 | |
Fiskar | Salomon O. Fagerbakke | 1938-1945 | |
Fiskar | Salomon V. Kalvenes | 1946-1959 | |
Trygdesjef | Rikard Storebø | 1960-1969 | V |
Statslos | Peder Kalve | 1970-1975 | H |
Rektor | Magnus Stangeland | 1976-1981 | Sp |
Kjøpmann | Knut K. Kalvenes | 1982-1985 | H |
Skipper | Hallvard Møgster | 1986-1989 | Krf |
Bankfilialsjef | Inge Bjarne Storebø | 1990-2001 | H |
Skipper | Olav P. Årland | 2001-2003 | Krf |
Helge Andre Njåstad | 2003- | Frp |
Bakgrunnsstoff
- Lokalhistorie frå Austevoll
- Fiskarfagskulen i Austevoll
- Kommunefakta Hordaland frå Statistisk sentralbyrå
References
- ↑ Bergens Tidende: Satset millioner, høster milliarder [1]
- ↑ Statistisk Sentralbyrå: Urban settlements. Population and area, by municipality. 1 January 2006 [2]
- ↑ Statistisk Sentralbyrå: Folke- og bustadteljing 2001 [3]
- ↑ Mal:Cite paper
- ↑ Statens vegvesen, Rv. 546 Huftarøy-Hundvåkøy i Austevoll kommune [4]