Botsvatn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Botsvatn (lokalt uttala Bossvatn) er ein innsjø i Bykle kommune i Setesdal. Han ligg vest for Kyrkjebygdi, med gardane Tveiti, Nesland og Dysje på nordsida og Brotteli i vestenden.
Eit forsøk på å få Bossvatn som godkjend skrivemåte vart avslått av Statens kartverk i 1980, men den forma vart mellom anna nytta i bygdesoga Heimar og folk i Bykle (2006), og er vanleg lokalt.
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket
Koordinater: 59.32917° N 7.19446° Ø