Minebøsse

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minebøsse ved Hellebroa på Aspøya i Ålesund.
Foto: Oddbjørn Hofseth
Minebøsse i Pollen, Arendal. Til minne om sjømenn som omkom i 1.verdenskrig, reist 11. april 1920. Innskrift: «Fordum til sjömandens jammer og död. Nu til hans velferd, trygghed og bröd.».
Foto: Heidi Thöni Sletten (2016)

Minebøsse ble reist for å samle inn penger til sjøfolk og etterlatte[1]. Noreg var nøytralt under den første verdskrigen, men norsk sjøfart vart likevel kraftig råka under denne krigen. 899 norske skip vart søkkt, og 2123 sjøfolk omkom. Det vart satt opp minebøsser fleire stader som Arendal, Ålesund, Bergen, Narvik og Tromsø.

Minebøssa i Ålesund

Ålesund Skipperforening innvia dette eingong fæle våpenet til fredsam bruk på 17. mai 1920. Mina vart reist som eit minne over.[2] Ei slik avduking av minebøsse fann og stad i Tromsø på den same dagen. Ei slik minebøsse var det og ønske om i Narvik, og mina burde stå på kaia der det ferdest folk, på ein sokkel som ikkje er høgre enn at ein barnehand kan nå opp[3]. Slik som vi hadde og har det i Ålesund. Luka til mina vart stengt på eit punkt (når?).

Når Sunnmørsposten intervjuar havnefogd Christiansen og skipper Kongshaug ein februardag i 1933, har dei nettopp låst opp og tømt innhaldet i minebøssa. Som vanleg må dei vaske alle myntane i ei pøs med såpevatn. Mange barnehender har sørga for at sand og allslags rusk blir med når mina vert tømt for myntar og dei få setlane som folk skjenkar. Havnefogden og skipperen fortel at det har vore ei negativ utvikling, gåvene blir mindre og færre år for år. Fiskarbyen Ålesund ser ut til å ha gløymt det som aldri burde gløymast: Ålesundarane si gjeld til sjøfolka og fiskarane. Rekneskapet vert gjort opp på Sunnmørsposten sitt initiativ: Ved innviinga av minebøssa 17. mai 1920 kom det inn 1 647,55 kroner. Mina vart tømt tre gonger dette året, og ved årets utløp var det komme inn over 3000 kr. Desse inntektene gjorde at Ålesund Skipperforening kunne dele ut bidrag til etterletne etter sjøfolk og fiskarar i åra 1921-1925. Til samanlikning kom det berre inn i underkant av to hundre kroner i året tida før før intervjuet vart gjort i 1933. Denne nedgangen var så omfattande at Ålesund Skipperforening ikkje kunne dele ut nemneverdige bidrag. Difor bestemte Skipperforeninga i 1926 at formuen til bøssa skulle gå over til driftsfond for «Alders Kvile». Samanlagt var den samla inntekta til minebøssa i åra 1920-1933 på 6869,39 kr. Men vår bys befolkning kan ikke være bekjent av at Minebøssen ― reist til ære for våre fiskere og sjøfolk ― glemmes. Stopp stundom op ved den, husk hvad den forteller ― og at den forplikter, rundar Sunnmørsposten av med.[2]

Minebøsse i Bergen

Bergens Skipperforening «besluttet /…/ at opta arbeidet for at faa opstillet en minebøsse i Bergen til indtægt for trængende sjøfolk og deres efterladte.»[4] Sjølv om minebøssa vart «avslørt under stor høytidlighet» i 6. februar 1921, vart mina fort gløymt der ho sto på Bryggen.

Galleri

Referanser

  1. Haugesunds Dagblad 1920.01.29, s. 1. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. 2,0 2,1 Sunnmørsposten 1933.02.16, s. 5. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Ofotens Tidende 1920.05.21. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Norges Handels og Sjøfartstidende 1920.05.19. S. 14. Digital versjonNettbiblioteket.