Stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen

Det finst fleire stadnamn på «finn-» på Nordmøre og i Sør-Fosen. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar. Sørvest for Fosenhalvøya er det konvensjonelt sett berre Trollheimen som blir meir eller mindre assosiert med samisk nærvere, og i tillegg har relativt nylige arkeologiske funn ved Aursjøen vist tidligare samisk busetting i fjella mellom Sunndal og Lesja. Interessant nok har Kartverket berre to Finn-namn i Trollheim-området: Finnhammaren (Surnadal kommune) og Finnlandet (Sunndal kommune). Derimot finst det heile 12 slike namn mellom Rindalen, Agdenes og Aure kommunar. Utom Frøya finst det seks finn-namn — fem av dei relatert til Finnværet og i tillegg eit skjer med namnet Finnkampen. Tingvoll har eit finn-namn ytst på halvøya og tilgrensande til Talgsjøen i ly av Langøya — Finnvika. Eide har finn-namn både på Lyngstad (Finnbukta, Finnbekken) og sørvest om Vasskord (Finnsetra, Finnseterbekken, Finnseterdalen).

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.

Eide kommune

Tingvoll kommune

Sunndal kommune

Surnadal kommune

Rindal kommune

Aure kommune

Orkdal kommune, grensande til Snillfjord

Snillfjord kommune

Agdenes kommune

Frøya kommune