Stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar. Sørvest for Fosenhalvøya er det konvensjonelt sett berre Trollheimen som blir meir eller mindre assosiert med samisk nærvere, og i tillegg har relativt nylige arkeologiske funn ved Aursjøen vist tidligare samisk busetting i fjella mellom Sunndal og Lesja. Interessant nok har Kartverket berre to Finn-namn i Trollheim-området: Finnhammaren (Surnadal kommune) og Finnlandet (Sunndal kommune). Derimot finst det heile 12 slike namn mellom Rindalen, Agdenes og Aure kommunar. Utom Frøya finst det seks finn-namn — fem av dei relatert til Finnværet og i tillegg eit skjer med namnet Finnkampen. Tingvoll har eit finn-namn ytst på halvøya og tilgrensande til Talgsjøen i ly av Langøya — Finnvika. Eide har finn-namn både på Lyngstad (Finnbukta, Finnbekken) og sørvest om Vasskord (Finnsetra, Finnseterbekken, Finnseterdalen).
I vurderinga av om finn-namna kan vera indikasjonar på tidligare samisk busetting, kan vi med ein gong sjå bort frå namna med plantenamnet finnskjegg-. Namn som finnøy-, finnbukt-, finnbekk- finnvik- og liknande er òg usikre og kan ikkje tolkast i noka retning utan utfyllande opplysningar kring kvar stad. Namn som derimot gjev ein sterkare indikasjon inkluderer finnhøtt-, finnbu(-), finnset(-) og finnseter(-).
Oversyn
Romsdal
Sandøy kommune
Nesset kommune
- Finnset (Nesset) (med Finnsetstien, Finnsetkolvan og Finnsetsetra) er den øvste matrikkelgarden i Eikesdalen, ei knapp mil nordvest for Aursjøen.
- Finnset (Eidsøra) ligg i lia ovom Sunndalsfjorden mellom Eidsøra og Mesalstranda. Tunet ligg kring 130 moh.
Nordmøre
Eide kommune
- Finnbukta og Finnbekken på Lyngstad
- Finnsetra, Finnseterelva og Finnseterdalen sørvest om Vasskord. (Jfr. òg Herkedalen.)
Gjemnes kommune
- Finnskjeggvollen søraust om Silsetvatnet.
Tingvoll kommune
- Finnvika innom Langøya ytst i Straumsnes.
- Finnskjeggvollan, sørom Kjerkjeberget.
Sunndal kommune
- Finnlandet på Teskja (Torske) ved Løykja.
Surnadal kommune
- Finnhammaren søraust for Snota.
- Finnvikan med Finnviktrøa og Finnvikmyra rett innom Hunneset i Stangvik.
Rindal kommune
- Finnbekken i Austre Fossdalen nærme inngangen til Ljøsådalen mot Vasslivatnet i Hemne kommune. Fjellet Kofta ligg kring 4 km mot nordaust. Fjellnamnet Ruten bør sjekkast.
- Finnhøtthaugen øvst i Kårøydalen som kryssar kommune- og fylkesgrensa og går nedover mot Vinjeøra i Hemne kommune.
- Finnråa, Finnråhauet og Finnråvatnet i fjella nordvest for Bolmen.
Aure kommune
- Finnfløa på nordsida av Lesundøya
- Finnset, Finnsetbugen og Finnsetstien på nordvestsida av Skardsøya. I tillegg har vi Finnsetsetra, som ikkje er registrert på Norgeskart.
- Finnstuheia ved nordvestenden av Grisvågøya.
- Finnberget ved Svartvatnet ovom Årvåg.[1]
Sør-Fosen
Orkdal kommune, grensande til Snillfjord
- Finnbuenget i austhellinga til Kokksteinen på grensa til Snillfjord kommune.
Snillfjord kommune
- Finnvika ved Åstfjorden.
Agdenes kommune
- Finngrefta ved Singstad.
Frøya kommune
- Finnkampen, eit skjer nordom Mausund.
- Finnværet, Finnværøya, Finnværskallen, Finnværleia og Finnværhavet lengst nord i Froan.
Fotnotar
- ↑ Ref. i Stadnamnarkivet: 276684 / Finnberget / Stemshaug / Møre og Romsdal / Heradsregisteret, Oslo.