Pitesamisk
Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlege naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.
Fonologi
Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad.
Stadieveksling
Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:
(Det same rekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)
Omlyd
Pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Det finst i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[1]
Morfologi
Substantiv
Pronomen
Verb
Talord
Grunntal
0 | 10 | lågev[2], [3] | 20 | ||
1 | ákkta[3] | 11 | 21 | ||
2 | guoktte[2] = guäktte[3] | 12 | 22 | ||
3 | gålbmå[3] | 13 | 23 | ||
4 | nällje[3] | 14 | 24 | ||
5 | vihta[3] | 15 | 25 | ||
6 | guhta[3] | 16 | 26 | ||
7 | gietjav[3] | 17 | 27 | ||
8 | gákktse[3] | 18 | 28 | ||
9 | åkktse[3] | 19 | 29 |
Stadnamn
Buvda eller Båddådjo?
Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo,[4] som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[5]
Fotnotar
- ↑ Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
- ↑ 2,0 2,1 Muv árbbe
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Pite Saami Documentation Project, Humboldt-Universität zu Berlin
- ↑ Skrivemåten Båddådjo varierer elles med Bododdjo og Bodöddjo/Bodøddjo i lulesamisk.
- ↑ «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003